Stønadene til einsleg mor eller far etter folketrygdlova kapittel 15 blir delvis avvikla

Endringa inneber at overgangsstønaden og stønad til barnetilsyn til einslege i arbeid blir forbehaldt einslege som har aleineomsorg for barn opp til 14 månader eller som har særleg tilsynskrevjande barn. For alle andre einlege foreldre blir stønadene avvikla.

Stønader til dekning av utgifter i samband med yrkesretta aktivitet blir avvikla for alle, sidan det ikkje lenger vil bli stilt krav om yrkesretta aktivitet for å få rett til overgangsstønad.

Endringane vil berre gjelde for nye tilfelle. Dei som har søkt om og er innvilga stønad etter dei reglane som gjaldt fram til 1. juli 2026, vil kunne behalde stønadene heilt fram til 1. juli 2031.

Det er gitt ei eiga forskrift om overgangsreglar for dei som er omfatta av reglane som gjaldt fram til 1. juli 2026.

Som følgje av endringane i folketrygdlova kapittel 15, er det gjort endringar også i folketrygdloven kapittel 17 og 17a, som gjeld flytting av heimelen for å gi stønader til etterlatne som er i yrkesretta aktivitet.

Som følgje av den delvise avviklinga av stønad til einsleg mor eller far, er det også gjort endringar i forskriftene som regulerer stønadene nærmare. Fordi fleire paragrafar i folketrygdlova kapittel 15 er oppheva, er heimelen for forskriftene er flytta frå kapittel 15 i til kapittel 17 og 17 a, og dei nærmare reglane om stønadene er tilsvarande flytte til forskriftene som gjeld stønadene etter folketrygdlova kapittel 17 og 17 a.

Vidare er det vedtatt forskrift om overgangsreglar i samband med endringane.

Oppdragsgivaransvar for å sikre at reglane om HMS-kort blir overhaldne

Det er innført reglar om HMS-kortordningar i fleire bransjar: bygg- og anlegg, reinhald, bilpleie, hjulskift og hjullagring, og frå 1. januar 2026 blei det også innført for «varetransportbransjen».

For å sikre at fleire etterlever reglane om HMS-kort er det no vedteke nye reglar som gir heimel til å fastsetje forskrifter om oppdragsgivaransvar for å sikre at forskrifter om HMS-kort blir overhaldne. Forslaget er ei oppfølging av regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.

Stortinget har vedteke ein lovheimel som trer i kraft 1. juli 2026.

Vidareføring av mellombelse lovendringar som følgje av innkomstane av fordrivne frå Ukraina 

Dei mellombelse endringane i 10 lover vidareførast frå 1. juli 2026 med enkelte tilpassingar i heimelen til å gi forskrift i integreringslova. Det er nå heimel til å gje mellombels forskrift om tilpassingar i integreringstiltak for personar som har hatt kollektivt vern og som deretter får status som asylsøkjarar.

Endringane trer i kraft 1. juli 2026. Dei blir oppheva 1. juli 2028.

Lov om særskilt innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald

Det er vedteke ei ny lov om særskild innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald. Lova regulerer handsaming av personopplysningar og deling av teiepliktige opplysningar i den særskilde innsatsen mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald. Lova skal i tillegg etablere eit rettsleg rammeverk for denne innsatsen.

Lova tek til å gjelde 1. juli 2026. Forskrift til lova, med nærmare reglar om handsaming og deling av personopplysningar, vil tre i kraft på eit seinare tidspunkt.