Endringar i forureiningslova (utvida verkeområde)  

Klima- og miljødepartementet gjer endringar i forureiningslova for å utvide åtgangen til å gjere lova gjeldande utanfor norsk territorialfarvatn og økonomisk sone. Endringa er naudsynt for å sikre ein klar heimel i lov for å regulere dumping, plassering av materiale og marine geoingeniørtiltak i tråd med internasjonale plikter i alle aktuelle havområde.

Endringar i klimakvotelova (utvida verkeområde)

Klima- og miljødepartementet gjer endringar i klimakvotelova for å sikre ein klar heimel i lov for å gjennomføre reglar i EUs klimakvoteregelverk om transport av klimagassar for lagring i geologiske formasjonar i norsk rett. Endringane går i hovudsak ut på å utvide lovens stadlege og saklege verkeområde, slik at det kan bli gitt forskrifter og løyve i medhald av lova.