Statsbudsjettet 2026
Endringar i sosiale rabattar skal bidra til at fleire kan bruke kollektivtransporten
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Samferdselsdepartementet
Regjeringa foreslår endringer i dei landsomfattande sosiale rabattane for kollektivtransport. Endringane skal bidra til at rabattordningane blir modernisert, meir målretta og i større grad fremmar sosial inkludering og mobilitet.
– Sosiale rabattar er eit viktig verkemiddel for gjere kollektivtransporten tilgjengeleg for dei som treng det. Regjeringa går inn for at lærlingar skal få same rabatt på tog og annan kollektivtransport som studentar. Lærlingar er i dag ikkje omfatta av statens minimumskrav, sjølv om fagskuleutdanninga og yrkesfag er ein viktig del av kunnskapssamfunnet. Med vårt forslag likebehandlar vi alle som er under utdanning, seier samferdselsminsister Jon-Ivar Nygård.
I tillegg foreslår regjeringa å
- innføre rett til gratis reise for personar i følgje med uføre med dokumentert behov, fordi økonomi ikkje skal vere eit hinder
- fjerne ektefellerabatten tilknytta honnørrabatten, fordi dette er ei ordning som stammar frå ei tid då eininntektsfamilier dominerte samfunnet
- presisere minstetaksten for militært personell i førstegongsteneste, fordi denne ordninga i dag blir praktisert noko forskjellig i ulike fylke
Alt i alt er dei foreslåtte endringane vurderte til å vere budsjettnøytrale, det vil seie at dei korkje vil gi ekstra inntekter eller utgifter for staten.
Følgjer opp innføring av rimelegare billettar for barn og studentar i 2024
I fjor blei det innført rimelegare togbillettar for barn og studentar på dei lengste togstrekningane, det vil seie togtilbod som ikkje er omfatta av regionale takstsamarbeid mellom staten, som har ansvaret for togtilbodet, og fylkeskommunar, som har ansvaret for lokal kollektivtransport som buss, T-bane, trikk og båt.
Studenter får no 50 prosent rabatt på både enkeltbillettar og periodebillettar på tog, mot høvesvis 25 og 40 prosent tidligare. Med budsjettforslaget for 2026 frå regjeringa vil dette òg gjelde for lærlingar .
Barn får no 75 prosent rabatt på enkeltbillettar på togreiser, mot 50 prosent tidlegare.
Minimumskrav – fylkeskommunane kan gjere endringar
Dei nasjonale krava til sosiale rabattar i kollektivtransporten er minimumskrav. Fylkeskommunane står fritt til å gjere endringar ut over desse krava. Dei fleste fylkeskommunar har allereie innført endringar som går i retning av dei som regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2026.