Energiministeren er i Brussel

Stad: Brussel

Energiminister Terje Aasland er i Brussel. Programmet ser foreløpig slik ut:

Kl. 08.00: Statsråden deltek på eit frukostmøte med den norske EU-ambassadøren og dei norske ambassadørane til Tyskland, Nederland og Danmark. Stad: Norges Hus.

Kl. 09.00: Statsråden har eit møte med den belgiske energiministeren Tinne van der Straaten. Stad: Norges Hus.

Kl. 09.30: Statsråden deltek på eit seminar om energiforsking i regi av SINTEF og dei norske ambassadane i Belgia, Danmark, Tyskland og Nederland. Stad: Norges Hus.

Kl. 11.00: Statsråden har eit møte med Wind Europe. Stad: Norges Hus.

Kl. 13.00: Statsråden deltek på ein EFTA-konferanse om karbonfangst og -lagring. EUs energikommisær Kadri Simson deltek også på konferansen. Stad: EFTA House.

Kl. 14.00: Statsråden har eit møte med EUs energikommisær Kadri Simson. Tema for møtet er havvind og hydrogen. Stad: EFTA House.

Kl. 14.30: Statsråden er tilgjengeleg for presse. Stad: EFTA House.

Kl. 15:30: Statsråden har eit møte med europaparlamentsmedlem Hildegaard Bentele. Tema for møtet er mineralutvinning på havbotnen. Stad: Europaparlamentet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@ed.dep.no.