Energiministeren har eit digitalt møte om kraft- og nettsituasjonen i Nord-Noreg
Kalenderhending | Terje Aasland
Energiminister Terje Aasland har eit digitalt møte med fylkesrådsleiar Marianne Dobak Kvensjø i Nordland, fylkesordførar Kristina Torgbergsen i Troms og fylkesordførar Hans-Jacob Bønå i Finnmark.
Tema for møtet er kraft- og nettsituasjonen i Nord-Noreg. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.