Energiministeren tek imot tiltaksplan frå LO og NHO

Adresse: Akersgata 59, Oslo

Stad: Energidepartementet

Energiminister Terje Aasland tek imot LO og NHO sin tiltaksplan for auka kraft- og nettilgang i Noreg mot 2030. Tiltaksplanen er ein del av Kraftløftet, som vart etablert vinteren 2023.

Frå LO deltek Peggy Hessen Følsvik og frå NHO deltek Ole Erik Almlid.  

Overleveringa går føre seg i Energidepartementet i Akersgata 59. Oppmøte for presse seinast kl. 09.45.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.