Statsbudsjettet 2017:

Enkelte utvidingar av ordninga med momskompensasjon

I statsbudsjettet for 2017 foreslår regjeringa enkelte utvidingar av ordninga med meirverdiavgiftskompensasjon for kommunesektoren. Eit av forslaga er å inkludere burettslag og eigeseksjonssameiger der bebuarane treng hjelp og omsorg.

Med dette følgjer regjeringa opp punktet i Sundvollen-erklæringa om at burettslag og sameige som samarbeider med kommunen om drift av helse- og omsorgstenester, skal bli inkludert i kompensasjonsordninga.

– Forslaget kan bidra til meir fleksible løysingar med eit større samarbeid mellom private og kommunale partar, seier finansminister Siv Jensen (Frp).

– Å eige sin bustad gir ein grunnleggjande tryggleik i kvardagen som dei fleste ønsker seg. For personer med utviklingshemning og andre som treng ein omsorgsbustad, er dette ekstra viktig, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Utvidinga er finansiert gjennom ein reduksjon av rammetilskotet til kommunane tilsvarande forventa utbetalt kompensasjon til eigeseksjonssameiger og burettslag.

Regjeringa foreslår også at internata til friskulane skal bli omfatta av kompensasjonsordninga. Internata er nært knytt opp mot undervisninga ved skulane.

For undervisning for vaksne utan rett til vidaregåande opplæring vil utgiftene til meirverdiavgift bli dekka ved at satsane for statstilskot aukar.