Historisk arkiv

Enklare forvaltning av statsallmenningane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Statsallmenningslovutvalet foreslår at ei ny fjellov skal erstatte dei to lovene som i dag regulerer bruken og forvaltninga av statsallmenningane. Utvalet foreslår også å erstatte dei to styra som administrerer bruken i dag, med eitt felles styre, det nye fjellstyret.

– Forvaltninga av statsallmenningane vil med dette bli enklare og betre, seier høgsterettsdommar Karl Arne Utgård, som har leia utvalet. – Det blir lagt opp til auka lokalt sjølvstyre. Fjellstyra skal etter forslaget ikkje kunne instruerast av statlege organ i styringa av den jordbrukstilknytte bruken, seier Utgård, som held fram at forvaltninga av jakt og fiske i statsallmenningane i hovudsak blir ført vidare slik ho er etter gjeldande lov. 

– Eg vil takke utvalet for det omfattande arbeidet som utvalet har gjort, seier Landbruks- og matminister Jon Georg Dale. – Det er ei omfangsrik utgreiing på eit komplekst område der mange ulike interesser skal varetakast. Vi vil no legge opp til ei brei offentleg høyring, seier Dale.

Høgsterettsdommar Karl Arne Utgård overrakte i dag NOU om Ny fjellov til landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Høgsterettsdommar Karl Arne Utgård overrakte i dag NOU om Ny fjellov til landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Ny fjellov

Utvalet har utarbeidd forslag til ei lov som erstattar fjellova og statsallmenningslova. Den nye fjellova vil regulere bruk og styring av statsallmenningane, og med unntak av for jakt- og fiske har ho ikkje heimel for forskrifter. Lovforslaget går ut på at det skal vere eitt fjellstyre i staden for dei to styra (fjellstyret og allmenningsstyret) som er i dag.

Dei mest sentrale interessene vil vere representerte i fjellstyra slik at det er grunnlag for å kome til løysingar som passar alle partar. Etter forslaget skal dei med jordbrukstilknytt bruksrett i allmenningen og dei med rett til samisk reindrift vere representerte, men også jakt- og fiskeinteressene og meir allmenne interesser skal vere med.

Seter, Strø i Vestre Slidre.
Seter, Strø i Vestre Slidre. Foto: Hanne Lykkja

Fjellstyret

Fjellstyret skal ha dei oppgåvene som i dag ligg til dei to styra, men utvalet vil tydeleggjere den rolla fjellstyret skal ha med å legge til rette for friluftsliv. Fleirtalet i utvalet foreslår at det nye fjellstyret også skal forvalte skogen i statsallmenningane, og ha ansvaret for utvising av trevirke til virkesrettshavarane. Mindretalet vil vidareføre ordninga som er i dag, der Statskog SF forvaltar skogen i samråd med det lokale styret.

Fleirtalet i utvalet meiner det som utgangspunkt skal vere eitt fjellstyre i kvar kommune der det er statsallmenning. Det skal likevel vere opp til kommunestyret å fastsetje om det skal vere eitt eller fleire fjellstyre der det er fleire statsallmenningar innan ein kommune. Fleirtalet foreslår at kvar allmenning uansett skal kunne velje å ha ein representant i fjellstyret. Mindretalet meiner det ikkje er behov for å utvide talet på medlemmar i fjellstyret der det er fleire allmenningar i ein kommune.

Fjellstyra skal etter forslaget ikkje kunne instruerast av statlege organ og vedtaka skal heller ikkje kunne klagast på. Dette gjeld likevel ikkje for jakt- og fiske, der rolla til statlege styresmakter er foreslått ført vidare, også ved klagerett over fjellstyrevedtak  Utvalet har gjort framlegg om at jordskifteretten skal ha ei rolle i tvisteløysing i statsallmenningane.

Statskog er grunneigar

Utvalet foreslår at rolla Statskog SF har som grunneigar i statsallmenningane skal reindyrkast, og Statskog SF skal derfor etter forslaget ikkje ha oppgåver som offentleg myndigheit.

Fleirtalet i utvalet foreslår at alle grunneigarinntekter skal delast likt mellom grunneigarfondet og fjellstyra. I dag er ordninga at det berre er inntekter frå feste av tomt til hytter og hotell som blir delte. Mindretalet meiner deling utover gjeldande ordning berre skal gjerast for inntekter frå nye tiltak.

Tilleggsjord og utnytting av vassfall

Fleirtalet i utvalet meiner at dynamikken i allmenningsretten er slik at innhaldet i dei jordbrukstilknytte bruksrettane endrar seg med tida og tilhøva, og at utviklinga gjer at visse bruksmåtar no må reknast som bruksrettar i statsallmenning. Fleirtalet meiner tilleggsjord og utnytting av vassfall i statsallmenningane er døme på dette, og har fremja forslag om føresegner som gjer det klart at desse to bruksområda no skal vere rekna som jordbrukstilknytte bruksrettar. Mindretalet meiner det nye fjellstyret skal avgjere om jordbrukarane skal bli tildelt tilleggsjord. 

Oppsynsordninga

Eit fleirtal i utvalet vil føre vidare den oppsynsordninga som er i dag, men foreslår at den nye lova skal tydeleggjere at fjelloppsynet utfører både offentlegrettsleg og privatrettsleg oppsyn i statsallmenningane. Fleirtalet foreslår også ei endring i lov om naturoppsyn for å gjere dette klart. Eit mindretal i utvalet meiner at fjellstyra berre skal ha ansvaret for det privatrettslege tilsynet.

Statsallmenningslovutvalet vart oppnemnd 4. mars 2016, og har vore leia av høgsterettsdommar Karl Arne Utgård (link til nettmelding om oppnemning og mandat). Statsallmenningslovutvalet overleverte utgreiinga "Ny fjellov" til Landbruks- og matminister Jon Georg Dale 22. juni 2018.