– EU er ein pådrivar for ein offensiv klimapolitikk globalt og har oppnådd betydelege reduksjonar i klimagassutsleppa sine dei siste åra. Noreg ønskjer å vere med i EUs kvotesystem også etter 2030. Eg ser fram til å setje meg grundig inn i framlegget, og vi vil engasjere oss aktivt i den vidare prosessen fram mot vedtak i EU, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Kommisjonen foreslår mellom anna følgjande:

  • Endringar i den årlege nedtrappinga av kvotemengda etter 2030.
  • Endringar i den vederlagsfrie tildelinga av klimakvotar til industrien.
  • Inkludering av karbonfjerning (negative utslepp) i kvotesystemet.
  • Inkludering av mindre skip (visse kategoriar mellom 400 og 5000 bruttotonn).
  • Inkludering av kommunale avfallsforbrenningsanlegg, med ei gradvis innfasing mellom 2031 og 2034.
  • Inkludering av internasjonal luftfart til destinasjonar innanfor 5000 km frå EUs geografiske sentrum, samt privatfly.
  • Opning for mogleg avgrensa bruk av internasjonale klimakvotar frå 2036.
  • Styrka investeringsstøtte til klimavennleg teknologi gjennom Industrial Decarbonisation Bank og Investment Booster.

Pressemelding frå Kommisjonen med lenke til forslag til endringar i klimakvotesystemet er tilgjengeleg her: Pressemelding frå Kommisjonen  

Miljødirektoratet vil snarleg sende forslaget på offentleg høyring i Noreg og be om innspel frå berørte aktørar og andre interesserte innan midten av september 2026. Innspela vil bli brukte som grunnlag for å oppdatere eksisterande norske posisjonar.

Årsaka til den korte høyringsfristen er at EU legg opp til ein svært rask prosess fram mot endeleg fastsetjing av regelverket. EU har ein ambisjon om å avklare innhaldet i regelverket innan utgangen av første kvartal 2027. Norske posisjonar må difor avklarast raskt om vi skal vere relevante inn i EU sin lovgjevingsprosess.

Noreg leverte innspel i samband med Kommisjonen sin høyring i fjor sommar: Ber om innspill til EUs kvotesystem - regjeringen.no

Vi har òg levert innspel til Kommisjonen sin høyring av andre delar av klimaregelverket som skal gjelde etter 2030: Regjeringen med innspill til EUs klimaregelverk etter 2030 - regjeringen.no