Inviterer til møte om EUs klimakvotesystem
Nyheit | Dato: 25.08.2026 | Klima- og miljødepartementet
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen ber om innspel til EU-kommisjonen sitt forslag til nytt kvotesystem.
– Noreg vil vere med i EUs kvotesystem også etter 2030. No ønskjer vi å høyre kva norske aktørar meiner om endringane EU-kommisjonen har lagt fram, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Han inviterer med dette fleire organisasjonar til eit innspelsmøte. Møtet er ope for pressa. Grunna den nasjonale sørgeperioden er møtet flytta frå 9. til 11. september. Nytt klokkeslett er 13:00.
Fleire endringar
EU-kommisjonen la i sommar fram forslag til korleis EU sitt klimakvotesystem skal sjå ut etter 2030.
Kommisjonen foreslår fleire endringar, mellom anna
- at ambisjonsnivået i systemet vert tilpassa EU sitt klimamål for 2040
- at fleire aktivitetar blir omfatta av kvoteplikt
- sterkare verkemiddel for å motverke karbonlekkasje (at aktivitet flyttar ut av Europa)
Noreg har deltatt i kvotesystemet sidan 2008. Kvotesystemet omfattar utslepp frå mellom anna industri, petroleumsverksemd, luftfart og skipsfart.
EU har ein ambisjon om å avklare innhaldet i regelverket innan utgangen av første kvartal 2027.
Når: 11. september klokka 13:00
Kor: Møtet er i A-blokka i det nye regjeringskvartalet, Einar Gerhardsens plass 1.
Hugs å ta med gyldig ID!
Presse som ønsker delta må melde seg på til presse@kld.dep.no.
Påmelding til dette arrangementet er no stengd.