EU-kommisjonen ønskjer innspel til taksonomien
Nyheit | Dato: 10.11.2025 | Finansdepartementet
Finansdepartementet oppmodar norske interessentar til å gi innspel om behovet for forenklingar i taksonomien for berekraftig økonomisk aktivitet.
EU-kommisjonen publiserte 7. november ei oppfordring om å gi innspel («call for evidence») om behovet for forenklingar i kriteria for dei klima- og miljørelaterte måla i taksonomien. Målet med Kommisjonens forenklingsarbeid er blant anna å gjere taksonomikriteria klarare, meir brukarvennlege og betre tilpassa endringar i anna relevant regelverk. Fristen for å gi innspel er 5. desember 2025.
Innspel gis via EU-kommisjonens høyringsportal:
- Høyring om klimarelaterte mål: Sustainable investment – review of the EU taxonomy climate delegated act
- Høyring om miljørelaterte mål: Sustainable investment – review of the EU taxonomy environmental delegated act
Finansdepartementet oppmodar norske interessentar til å gi innspel til Kommisjonen. Departementet tek også gjerne imot kopi av innspel frå norske interessentar. Innspela kan sendast på e-post til postmottak@fin.dep.no. Oversendinga merkast med saksnummer 25/131.
Bakgrunn
Taksonomien er eit system for å definere kva økonomiske aktivitetar som kan reknast som berekraftige og i samsvar med EUs langsiktige klima- og miljømål. Taksonomien skal bidra til å hindre grønvasking og dannar mellom anna grunnlaget for ein EU-standard for grøne obligasjonar. EU-kommisjonen fastset i delegerte forordningar nærare kriterium for når konkrete økonomiske aktivitetar kan reknast som berekraftige ved å bidra vesentleg til eit mål og samtidig ikkje ha betydeleg negativ innverknad på dei andre måla. Kommisjonen har fastsett to delegerte forordningar med kriterium for høvesvis klima- og miljørelaterte mål.