– Kongekrabben har over mange år bidrege til stor verdiskaping i Aust-Finnmark og ringverknadar utover landsdelen. Vi ser ein kraftig reduksjon i totalkvoten i år samanlikna med fjoråret, fordi bestanden blir vurdert å vere mindre i storleik enn før. Samstundes må vi understreke at bestanden framleis er innanfor forvaltningsmålet. Reguleringa av kongekrabbe er i det vesentlege vidareført, og endringane i reguleringa for 2026 blir gjort for å ta vare på bestanden og verdiskapinga framover, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Kvoter og avsetjingar

Totalkvoten er noko høgare enn Havforskningsinstituttet si tilråding på 850 tonn.

-Totalkvoten er fastsett til 900 tonn, som er 50 tonn over rådet frå Havforskningsinstituttet. Dette er vurdert å framleis vere innanfor eit berekraftig uttak frå bestanden, seier fiskeri- og havministeren.

På grunn av den kraftige nedgangen i totalkvoten blir òg kvoten på hokrabbe redusert til 40 tonn. Avsetjingane til turistfiske, forsking og bifangst blir reduserte til høvesvis 10 tonn, 6 tonn og 60 tonn. Dei øvrige avsetjingane blir vidareførte med 1 tonn til fritidsfiske og 10 tonn til ungdomsfangstordninga.

Det blir ikkje gjort endringar i kvotemodellen på noverande tidspunkt, og avsetjing til skadd krabbe blir vidareført på 15 prosent.

Fredingsperiode

I tillegg til mars og april månad vil no òg mai vere stengd for fangst av kongekrabbe av omsyn til kongekrabben sitt skallskifte. Aktivitet frå reiselivsbedrifter er unnateke fordi det skjer i avgrensa omfang.

- Havforskningsinstituttet melder om aukande grad av skadd krabbe. Difor ønskjer vi å sjå om ei utvida fredingsperiode vil føre til mindre skadd krabbe, noko som både vil betre kvaliteten og dermed verdien av fangsten, og òg fører til betre dyrevelferd, seier Sivertsen Næss.

Kortvarige periodar med stenging for å legge til rette for forskingstokt i og utanfor det kvoteregulerte området blir vidareførte, med unntak for aktivitet frå reiselivsbedrifter.

Det blir òg gjort nokre mindre endringar på bakgrunn av nye krav om elektronisk rapportering av fangst-, aktivitets- og posisjonsrapportering (ERS og VMS), samt endringar til krav til bruk av samleteiner. Desse gjeld både innanfor og utanfor kvoteregulert område.