Felles ladar for mobiltelefonar frå desember 2024

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Frå 28. desember 2024 vil det ikkje være nødvendig å bytte ut lader når du kjøper ny mobiltelefon eller nettbrett. Frå denne datoen skal alle nye mobiltelefonar bruke same type lader.

Forbrukarar skal også ha høve til å kjøpe produkt og ladeutstyr kvar for seg.

EU vedtok 23. november i år krav til felles ladestandard for mobiltelefonar og ei rekke typar små berbare elektroniske einingar. Det er standarden USB-C, som mellom anna Android- telefonar blir lada med, som er valt.

Krav til standard ladekabel gjeld for følgjande produkt:

  1. Mobiltelefonar 
  2. Nettbrett og lesebrett 
  3. Digitalkamera og videospillkonsollar 
  4. Høyretelefonar (hovudtelefonar og øretelefonar) 
  5. Berbare høgtalar 
  6. Trådlaus mus og trådlause tastatur 
  7. Berbare navigasjonssystem 
  8. Berbare datamaskinar 

For berbare datamaskinar vil krava først gjelde frå 28. april 2026.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) er ansvarleg for å utarbeide forskrifter i samband med det nye regelverket. Det er også Nkom som vil kontrollere at produkta som blir selde oppfyller krava.