Under besøket skal ho òg møte den norske NATO-delegasjonen, belgiske styresmakter, Noregs delegasjon til EU og sentrale norske og europeiske maritime aktørar.

– Regjeringa arbeider no med ei ny maritim stortingsmelding, samtidig som EU har lagt fram ein ny strategi for den maritime sektoren. Vi gjer dette fordi verda har endra seg. Uro og auka geopolitisk spenning gjer at vi må tenkje nytt om tryggleik til sjøs. Havområda våre er avgjerande for forsyningar, energi og handel. Derfor styrkjer vi innsatsen mot tryggingstruande aktivitet og samarbeider tett med europeiske land for å møte utfordringar knytte til skuggeflåten og andre aktørar som ikkje spelar etter reglane, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Program måndag 19. oktober

  • Kl. 12.00-14.00: Møte med den norske NATO-delegasjonen.
  • Kl. 16.00-16.45: Møte med Belgias justis- og Nordsjøminister.
  • Kl. 18.00: Mottaking i den norske residensen med deltakarar frå norsk og europeisk maritim næring, styresmakter og presse.
  • Kl. 19.30-21.30: Arbeidsmiddag med den norske EU-delegasjonen, Noregs Rederiforbund, DNV, Norsk Industri og Kongsberg Maritime.

Program tysdag 20. oktober

  • Kl. 08.30-10.30: Maritimt seminar i Norway House, der fiskeri- og havministeren held innlegg og deltek i programmet.
  • Kl. 11.00-11.45: Møte med Noregs ambassadør til EU.