Fiskeri- og havministeren til den største sjømatmessa i verda

Marianne Sivertsen Næss besøker 5.–6. mai verdas største sjømatmesse, Seafood Expo Global i Barcelona.

Fiskeri- og havmininster Marianne Sivertsen Næss - portrett
Fiskeri- og havmininster Marianne Sivertsen Næss er i Barcelona 5.-6. mai. Foto: David Berg Tvetene, NFD

– Sjømatmessa er ein viktig møteplass først og fremst for næringa, men òg for oss politikarar. Dette er Noregs nest største eksportnæring. Med handelskrig og uro i verdshandelen er møtepunkt som dette viktige, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Fjoråret vart eit nytt rekordår for sjømatnæringa, med norsk eksport for meir enn 175 milliardar kroner. Eksporten har òg hatt ein god start i 2025, med eit historisk godt førstekvartal.

Noreg er sterkt representert i Barcelona, med over 120 norske bedrifter. Fiskeri- og havministeren har invitert norske aktørar til dialogmøte måndag 5. mai, der den globale handelsuroa blir eit viktig tema.

– På sjømatmessa vert det lagt eit viktig grunnlag for sjømateksporten i åra som kjem. Eg ser fram til å møte bedriftene og folka som står på for å fremje norsk sjømat til verda, seier Næss.

Fiskeri- og havministeren skal vere på messeområdet heile dagen tysdag 6. mai. Her skal ho besøkje mange av dei norske utstillarane og møte ulike ministerkollegaer.

Statsråden sitt program:
Måndag 5. mai
09.00–12.30: Dialogmøte med sjømatnæringa (ikkje ope for media)
13.30–14:30: Besøk til ein supermarknad i Barcelona (tilgjengeleg for media)
17.00–18.30: Opningsinnlegg på eit sjømatseminar i regi av Team Norway Spania (Ambassaden, Innovasjon Noreg og Norges sjømatråd)
Sjå program: Sjømatseminar under SEG Barcelona 2025 (seafood.no)
20.30: Middag i regi av Team Norway Spania

Tysdag 6. mai
10.00–18.00: Deltaking på sjømatmessa og møte med kollegaer frå mellom anna Brasil og Storbritannia

Kontakt

Presse som ønsker å dekke programmet kan kontakte pressekontakt Emil Bremnes på 478 81 719 / ebr@nfd.dep.no