Presseinvitasjon:
Fiskeri- og havministeren til Nor-Shipping 2. - 4. juni
Pressemelding | Dato: 30.05.2025 | Nærings- og fiskeridepartementet
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss deltek på Nor-Shipping 2025 2. - 4. juni.
Tema for årets messe er korleis den maritime og havbaserte industrien kan tilpasse seg ei verd som endrar seg raskt – med mål om å redusere risiko, gripe fleire moglegheiter og nå ambisiøse klimamål.
– Usikkerheita i verdshandelen påverkar verdsøkonomien, og det kan ha negative konsekvensar for både norsk økonomi og den norske maritime næringa. Difor er møteplassar som Nor-Shipping viktige både for å auke kunnskapen og styrkje det internasjonale samarbeidet, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Nor-Shipping finn stad mellom 2. og 6. juni i Lillestrøm og Oslo, og er ein av dei viktigaste møtestadene for den maritime næringa i verda. Nor-Shipping 2025 markerer også 60-årsjubileet til messa.
Under følgjer statsråden sitt program (atterhald om endringar):
Tidspunkt |
Arrangement |
Sted |
13.30 – 15.45 |
The role of shipping in shaping the future – Internasjonalt høgnivåmøte mellom maritim næring og myndigheiter |
Parkveien 45, Oslo |
17.00 |
Opningsseremoni, Nor-Shipping |
Oslo Rådhus |
Tidspunkt |
Arrangement |
Sted |
|
10:00 – 12:45 |
Runde på messa til enkeltbedrifter og mellom anna;
|
Nova Spektrum , Lillestrøm |
|
Ca. 12:45 – |
Utdeling av prisen Ship of the Year 2025 |
Nova Spektrum , Lillestrøm Team Norway paviljong |
|
13:00 – 14:15 |
Maritimt toppmøte (MF & NR) |
Nova Spektrum , Lillestrøm |
|
17:00 -17:30 |
Overrekking av WISTA Leadership Award |
Høyres Hus, Oslo |
Tidspunkt |
Arrangement |
Sted |
09:00 – 10:00 |
Åpning av Brasil@Nor-Shipping |
Nova Spektrum , Lillestrøm |
18:00 – 19:00 |
Quality Flag Reception |
Yokoso, Aker Brygge, Oslo |