Fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2026
Pressemelding | Dato: 19.12.2025 | Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett reguleringane av fiske etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak for 2026.
I forhandlingane mellom Noreg, Storbritannia og EU vart totalkvoten for 2026 redusert med om lag 44 prosent, etter ein reduksjon på 20 prosent i 2025. Kvoten for norske fartøy er sett til 1 516 tonn i Nordsjøen og 52 tonn i Skagerrak.
– Kvotane på torsk i Nordsjøen og Skagerrak er ytterlegare reduserte for 2026, og det er viktig at vi held fram arbeidet med å bygge opp desse bestandane. Neste år vil vi derfor mellom anna redusere maksimalkvotane for både open og lukka gruppe og stramme inn reglane for bifangst for andre fartøygrupper, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
På bakgrunn av fisketakten vil det i juni 2026 vurderast om det er rom for å auke maksimalkvotane/tillate bifangst.
Noreg, EU og Storbritannia vart i kvoteavtalen for 2026 samde om å føre vidare tiltaket om sesongstengde område i norsk økonomisk sone, britisk sone og i EU-sona for å verna kjende gyteområde for torsk.
– Dei stengde felta i NØS er eit av fleire viktige tiltak for å byggja opp torskebestanden til eit høgare nivå, og vi vil derfor føre vidare desse i 2026, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Reguleringane for 2026
Det er fastsett maksimalkvotar i Nordsjøen for fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar. Fartøy har tilgang til å delta i lukka gruppe og fartøy som er under 15 meter kan fiske 4 tonn, fartøy mellom 15-21 meter kan fiske 8 tonn, og fartøy over 21 meter kan fiske 16 tonn torsk i Nordsjøen.
Fartøy i open gruppe kan fiske og lande 3 tonn torsk frå årets start. Det blir ikkje opna for eit direktefiske utanfor grunnlinjene i Skagerrak, men den etablerte unntaksordninga for fartøy som har oppfylt vilkåra for dispensasjon frå fiskeforbodet i Skagerrak, og ordninga frå 2015 om at fartøy med størst lengde under 11 meter kan fiska direkte etter torsk med juksa i perioden 1. april til 30. juni blir vidareført.
Det er fastsett følgande bifangstreguleringar i Nordsjøen:
- Tillatt bifangst for fartøy som fiskar med andre konvensjonelle reiskapar enn snurrevad blir fastsett til 15 prosent.
- Tillatt bifangst for fartøy som fiskar med snurrevad blir fastsett til 8,5 prosent.
- Tillatt bifangst for fartøy som fiskar med stormasket trål blir fastsett til 5 prosent.
- Tillatt bifangst for fartøy med nordsjøtrålløyve eller avgrensa nordsjøtrålløyve som fiskar med stormasket trål blir fastsett til 5 prosent.
- Tillatt bifangst for fartøy som fiskar med reketrål blir fastsett til 2,5 prosent.
- Tillatt bifangst for fartøy som fiskar med småmaska trål, unnateke reketrål, blir fastsett til 1 prosent.
Det er fastsett følgande bifangstreguleringar i Skagerrak:
- Tillatt bifangst for fartøy som fiskar med andre konvensjonelle reiskapar enn snurrevad blir fastsett til 5 prosent.
- Tillatt bifangst av torsk i snurrevad blir fastsett til 2,5 prosent.
- Tillatt bifangst i stormasket trål blir fastsett til 2,5 prosent.
- Tillatt bifangst for reketrål blir fastsett til 2,5 prosent.
- Tillatt bifangst for fartøy med nordsjøtrålløyve eller avgrensa nordsjøtrålløyve som fiskar med stormasket trål blir fastsett til 2,5 prosent.
- Tillatt bifangst for fartøy som fiskar med småmaska trål, utanom reketrål, blir fastsett til 1 prosent.