Fleire klagar på korleis skulane følger opp skulemiljøsaker

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Hausten 2022 vart det meldt inn 854 skulemiljøsaker til statsforvaltaren, viser tal frå Utdanningsdirektoratet. Det er ein auke, samanlikna med tidlegare år. I ni av ti saker som vart behandla fekk elevane medhald i at skulane ikkje har gjort nok.

– Barna våre må ha det bra og vere trygge, for å læra. Vi kan ikkje akseptere at så mange elevar og foreldre opplever at skulen ikkje følger godt nok opp når ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Over åtte av ti elevar trivst på skulen, viser Elevundersøkinga, som er obligatorisk på 7. trinn, 10. trinn og Vg1. Men delen elevar som opplever mobbing aukar på alle desse trinna, samanlikna med året før

– Arbeidet med å motverke mobbing må stå høgt på dagsorden for alle som jobbar i og med skule. Det er heilt avgjerande at skulane tek tak i dette på eit tidleg tidspunkt, og at elevar som opplever mobbing eller andre skulemiljøproblem ser at skulen tek det på alvor, seier Brenna.

Skulen må ta tak i problemet

Opplæringslova seier at alle som jobbar i skulen må følge med, gripe inn, varsle, undersøke og setje inn tiltak når ein kjenner til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Dette er aktivitetsplikta til skulen. Viss elevar og foreldre meiner at skulen ikkje oppfyller denne plikta, kan dei melde saka til statsforvaltaren.

– Dette er ei viktig ordning for foreldre og elevar. Det skal vere sikringsnettet til elevane når skulen ikkje hjelper dei raskt og rett når ei skulemiljøsak oppstår. At så mange får medhald viser at ordninga fungerer, og det er bra, understrekar statsråden.

Mange brot på aktivitetsplikta

Hausten 2022 vart det meldt inn 854 saker. Dette er ein liten nedgang sidan våren 2022, men ein auke på 266 saker mot same tid i fjor. Vårsemesteret er lengre enn haustsemesteret, og derfor er ofte talet på saker høgare på våren.

Nokre av sakene som blir melde inn blir avviste, men i nesten alle sakene som vart behandla (95 prosent), har statsforvaltaren konkludert med at skulen har brote aktivitetsplikta. Kunnskapsdepartementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å vurdere kva kompetanse skulane treng, for å bli betre til å førebygge og oppdage mobbing og andre krenkingar.

– Direktoratet skal også undersøke om det er nokre likskapar i sakene der skulane har brote aktivitetsplikta. Viss det viser seg at mange skular gjer dei same feila, må vi sørge for å at dei får meir kunnskap om akkurat desse område. Dette vil eg få på mitt bord i løpet av våren, seier Brenna.

Skulemiljøet til elevane er også ein viktig del av arbeidet med stortingsmeldinga om 5.-10. trinn, som regjeringa har sett i gang. Målet med meldinga er å utvikle ein skule som i større grad varetek og styrker motivasjonen til elevane, meistring, læring og utvikling.

Frå før er det fleire tiltak som kan hjelpe skulane i arbeidet mot mobbing og for eit trygt og godt skulemiljø. Det er mobbeombod, rettleiingstilbod, ulike nettbaserte tilbod om kompetanseutvikling og tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling.

Tal frå statsforvaltaren hausten 2022 (perioden 01.07.2022–31.12.2022):

 

Melde saker

Ferdig-behandla*

Aktivitets-plikt oppfylt

Aktivitets-plikt brote

Avvist/ avslutta

Agder

39

36

3

10

23

Møre og Romsdal

38

37

0

12

25

Oslo og Viken

305

326

0

153

173

Rogaland

72

76

4

46

26

Innlandet

72

68

0

47

21

Nordland

60

35

3

13

19

Vestfold og Telemark

63

63

7

28

28

Troms og Finnmark

67

71

4

44

23

Trøndelag

39

26

0

21

5

Vestland

99

84

0

54

30

TOTAL

854

822

21

428

373

* desse sakene kan ha vore melde inn tidlegare enn hausten 2022

  • Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring, og skulen har ei aktivitetsplikt for å sikre at elevane har det trygt og godt på skulen.
  • Ei skulemiljøsak kan vere mobbing og andre krenkingar. Sidan 2017 har elevar i barne-, ungdoms- og vidaregåande skule kunna melde inn slike saker til statsforvaltaren når dei opplever at skulen ikkje gjer nok for at dei skal ha det trygt og godt på skulen. Det vart meldt inn 854 skulemiljøsaker til statsforvaltaren i perioden 1.7.2022-31.12.2022.
  • Det er ein liten nedgang i talet på saker samanlikna med vårsemesteret 2022 då det vart meldt inn 886 saker, og ein relativt stor auke samanlikna med haustsemesteret 2021 då det vart meldt inn 588 saker. Vårsemesteret er lengre enn haustsemesteret, og derfor er ofte talet på saker høgare på våren.
  • 373 saker vart avviste eller avslutta av annan grunn hausten 2022. Av dei 449 sakene der statsforvaltaren tok stilling til om skulen hadde oppfylt aktivitetsplikta, fann statsforvaltaren at aktivitetsplikta var broten i 428 saker. I 21 saker fann statsforvaltaren at aktivitetsplikta var oppfylt.