Fleire skal få støtte til energieffektivisering
Pressemelding | Dato: 26.08.2025 | Energidepartementet, Klima- og miljødepartementet
I ny Enova-avtale har energieffektivisering fått auka prioritet. I dag legg Enova fram nye tiltak som gjer at fleire vil kunne få støtte til energieffektivisering heime.
Regjeringa har inngått ein ny styringsavtale med Enova for perioden 2025-2028. I styringsavtalen fekk Enova eit særskilt oppdrag om å gi støtte til energitiltak i hushalda. Støtta kan gå til investering i kjente og velprøvde teknologiar og løysingar. I avtaleperioden skal Enova bruke minst 587 millionar kroner kvart år på oppdraget. I 2025 har regjeringa løyvd 687 millionar kroner til ordninga.
– Regjeringa vil at fleire skal få støtte til å gjere energitiltak heime. Me har derfor gitt Enova eit særskilt oppdrag om å gi støtte til energitiltak i hushalda. Enova viser no at dei følgjer opp oppdraget på ein svært god måte, seier energiminister Terje Aasland.
Enova lanserer i dag støtte til fleire nye tiltak, samtidig som fleire eksisterande program får oppdaterte og høgare støttesatsar. Med ny støtteordning vil fleire bustadeigarar kunne få Enova-støtte når dei gjer energioppgraderingar.
– Det er viktig at flere får moglegheit til å ta del i omstillinga til eit grønare samfunn. Eg er glad for at Enova no leverer på oppdraget for hushalda, og styrkjer støttetilbodet så mange kan gjere gode val for sin bustad, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Meir om tiltaka kan du sjå her: Støtte til energitiltak i boligen | Enova