FN beskyttar streikeretten
Nyheit | Dato: 27.05.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
FN sin internasjonale domstol, International court of Justice (ICJ), har kome til at streikeretten er beskytta av organisasjonsfridomen i ILO-konvensjon nummer 87, som er ein av kjernekonvensjonane til FNs særorgan for arbeidsliv.
– Eg er veldig glad for at FN sin domstol så tydeleg forankra streikeretten. Den er ein grunnleggande del av eit velfungerande arbeidsliv og ein føresetnad for reelle forhandlingar mellom partane. Særleg når demokratiet og arbeidstakarane sine rettar er under press fleire stader i verda, skal vi jobbe for å beskytte viktige globale verdiar og interesser. Noreg har vore tydeleg på at retten til å streike er ein menneskerett som er beskytta av ILO konvensjon nr. 87, seier arbeids og inkluderingsminister, Kjersti Stenseng.
ILOs konvensjon om foreiningsfridom og beskyttelse av organisasjonsretten blei framforhandla på arbeidskonferansen 1948. Frå 1950 og 60-tallet har ILO sitt overvakingsorgan lagt til grunn at streikeretten er beskytta av organisasjonsretten i ILO. Men sidan 2012 har det vore usemje i kva grad ILOs konvensjonar beskyttar streikeretten.
Det er gjort fleire forsøk på å finne ei intern løysning hos FN, og etter fleire år med interne diskusjonar valde arbeidstakarsida å søkje ei løysing gjennom ei utsegn frå FN-domstolen.
– Utsegna til ICJ er i tråd med det synet Noreg har lagt til grunn og som vår delegasjon framførte i våre innlegg til domstolen. Eg meiner utsegnet frå domstolen bidreg til nødvendig klarheit i ei sak som har skapt usemje i ILO over fleire år, og eg håpar den vil styrke det internasjonale samarbeidet om grunnleggande rettar i arbeidslivet, seier Stenseng.