I tillegg kjem avsetjingar på 1 300 tonn til agnkvote, 955 tonn til forskings- og undervisningskvoter, 200 tonn til rekrutteringskvotebonusordninga og 323 tonn til rekrutteringsordninga i lukka gruppe (gamal rekrutteringsordning). Til saman utgjer dette 70 prosent av den nasjonale totalkvoten.

– Sjølv om det no er inngått ei firepartsavtale om makrell, vil kyststatane halde fram forhandlingane over nyttår for å få ei heilskapleg løysing på spørsmålet om fordelinga av andelar. Departementet fastset derfor ei mellombels kvote ved starten av året, slik at vi sikrar at den delen av flåten som startar fisket tidleg får høve til det. Den endelege kvoten vil bli fastsett i god tid før hovudfisket tek til, forsikrar fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Også adgangsskvoten i britisk sone blir fastsett på eit lågt nivå frå årets start. Nivået på gruppene sine adgangskvoter er sett med tanke på å sikre handlingsrom når den endelege adgangskvoten skal fordelast i 2026.

Kvoter:

Fordelinga av kvoten mellom dei ulike fartøygruppene blir vidareført.

Ringnot- og trålgruppa er regulert med fartøykvoter på same måte som i fjor, og kvotefleksibiliteten på fartøynivå blir vidareført.

For å dekkje inn tidlegare overfiske vil lukka kystgruppe bli regulert med to ulike kvoteeiningar i 2026. Desse vil bli fastsette over nyttår etter at kystgruppa si endelege kvote ligg føre, og ein har heile oversikta over korleis fisket gjekk i 2025. Ei eventuell overregulering vil bli rekna ut i dialog med næringa sine organisasjonar.