Historisk arkiv

Foreslår 1,5 milliardar til digitalisering og tar krafttak for eit databasert næringsliv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

- Vi tar no eit krafttak for databasert verdiskaping i næringslivet. Totalt foreslår vi å løyve 1,5 milliardar kroner til digitalisering over neste års statsbudsjett, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Regjeringa vil skape meir og inkludere fleire.

- For å bidra til eit berekraftig velferdssamfunn også for kommande generasjonar må vi halde fram med å modernisere og effektivisere offentleg sektor, og leggje til rette for verdiskaping i privat sektor. Det gjer vi i årets forslag til statsbudsjett, seier Helleland.

Digitalisering og ny teknologi opnar for heilt nye høve for innbyggjarar, verksemder og samfunnet gjennom auka velstand, betre livskvalitet og ei meir berekraftig utvikling.

Det er særleg to satsingar som blir viktig for styrkinga av norsk næringsliv i den digitale, internasjonale konkurransen:

Norsk deltaking i Digital Europe Programme (DEP) og etablering av Datafabrikken.

Regjeringa foreslår å løyve 16 millionar kroner til etablering av Datafabrikken og 56,2 millionar kroner til norsk deltaking i EUs nye, ambisiøse digitale program - DEP. Det er lagt opp til vidare opptrapping i følgjande år.

 

Avgjerande for konkurransekrafta

- Deltaking i EUs store digitale program vil gi norske verksemder og forskningsmiljø tilgang til kompetanse og ressursar innan kunstig intelligens, superdatamaskinar, IKT-sikkerheit og avansert digital kompetanse. Dette er avgjerande for å sikre eit konkurransedyktig næringsliv både under og etter koronakrisa, seier Helleland.

For små og mellomstore verksemder blir også satsinga på Datafabrikken særs viktig.

- For å sikre morgondagens velferdssamfunn må vi leggje til rette for ny næringsvirksomheit og skape nye jobbar. Datafabrikken skal bidra til at små og mellomstore verksemder skal kunne utvikle nye forretningsmogligheiter. Mange mindre verksemder som har moglegheit til å skape verdi av data, har ikkje kompetanse og ressursar til å gjere dette på eigenhand. Her kan dei få hjelp av datafabrikken, seier Helleland.

I årets digitaliseringsprofil inngår også ei viktig satsing på den digitale grunnmuren. Regjeringa foreslår å løyve 45 millionar kroner til Altinn for å oppretthalde sikker og stabil drift.

Regjeringa foreslår også å løyve 264,1 millionar kroner til utbygging av breiband. Dette vil truleg kunne gi nytt breiband til over 15 000 husstandar i distriktsområde utan kommersielt grunnlag for utbygging.

- Koronakrisa viser kor viktig det er å ha gode digitale fellesløysingar og godt fungerande mobil- og breibandsnett. Digitaliseringsdirektoratet har bidradd til å levere ei rekke digitale løysingar, seier Helleland.

Ein datadreven økonomi handlar om å ta i bruk avansert analyse av data for å skape ny verdi og innsikt. Dette krev data med rett kvalitet – dvs. at datasett og datastraumar må vere gode, strukturerte og tilgjengelege. Denne typen bearbeiding krev kompetanse, løysingar og infrastruktur dei aller fleste norske private og mindre offentlege verksemder ikkje har.

 

Regjeringa ønskjer derfor å etablere Datafabrikken som ein felles digital plattform for deling av offentlege og private data til små og mellomstore verksemder i heile landet. Datafabrikken vil bli utvikla, drifta og forvalta i eit samarbeid mellom DigitalNorway, Digitaliseringsdirektoratet og andre relevante miljø.

 

I Datafabrikken får tilbydarar og brukarar av data tilgang til funksjonar og ressursar dei er avhengige av for å skape digitale tenester og ny næring basert på data. Datafabrikken vil fungere som eit "servicekontor", I staden for at kvar enkelt verksemd må bygge opp kompetanse og kapasitet for å gjere nytte av dataene på eigen hand, kan dette gjerast gjennom datafabrikken.

 

Nokre av funksjonane i Datafabrikken vil vere:

* Navigering – kor kan SMB og andre finne egna datasett og -straumar

* Dokumentasjon av datasett og datastraumar

* Styring av avklaring av tilgang til data og samtykke til bruk

* Avklare rettar til bruk av data og rettar til tjenester skapt fra dem

* Tilgang til verktøy for kunstig intelligens og avansert analyse

DEP er EUs nye og ambisiøse program for digital omstilling og bruk av innovative digitale teknologiar i samfunn og næringsliv fram mot 2027, Norsk deltaking vil gi norske verksemder og forskingsmiljø tilgang til samarbeidspartnarar og ressursar

innanfor kunstig intelligens, superdatamaskinar (tungrekning) IKT-sikkerheit og avansert digital kompetanse.

Dette er viktig for ei rekke samfunnsområde, og deltaking i programmet vil ha stor verknad for konkurransekrafta i alle næringar framover. Det er ikkje realistisk for Noreg å byggja tilsvarande kapasitet og kompetanse på eigen hand.

 

DEP er viktig for at næringslivet i EU/EØS skal kunne utvikle teknologiar og kompetanse for å kunne konkurrere med Kina og USA i det globale kappløpet. Det vil ha stor verdi for norske verksemders moglegheit for å konkurrere internasjonalt. DEP skal tilby næringslivet ressursar som det einskilde land ikkje vil kunne tilby aleine – som for eksempel høgkapastets datamaskiner for tungrekning.

Som ein del av DEP skal det og etablerast eit nettverk av nasjonale innovasjonsnav (innovation hubs). Ei rekke sentrale norske næringsorganisasjonar og kompetansemiljø har meld sin interesse for å være innovasjonsnav. Aarbeidet med å forberede norsk deltaking fra 2021 har allereie starta.

Departement

Kort omtale av tiltaket

Forslag (millioner kroner)

ASD

Innføring av ny offentleg tjenestepensjon i SPK

30,0

ASD

Utfasing Arena og Abetal

60,0

FIN

Bruk av A-ordninga for OTP i privat sektor

77,2

JD

Digitale domstolar

42,6

HOD

Akson

282,0

KMD

Datafabrikken

16,0

KMD

Drift og forvaltning Altinn

45,0

KMD

Innføring av sak- og arkivsystem i departementsfellesskapet

25,0

 

KMD

Medfinansieringsordninga (tilsagnsramme)[1]

189,5

KMD

Tilskudd til breibandutbygging[2]

264,1

KMD

Frikjøp av eigedomsdata

11,0

KMD

Digital Europe Programme

56,2

UD

Nytt digitalt system for eksportkontroll av forsvarsmateriell og fleirbruksvarar (intern omdisponering)

3,0

 

KD

Grunnleggjande teknologiforsking med vekt på IKT

62,5

KD

Digital undervising i kommunar

80,0

KD

Betre bruk av digital teknologi i undervisinga i høgare utdanning

7,5

KD

Nasjonalt vitenarkiv

10,0

NFD

Fiskeridirektoratet – auka ressurskontroll og tilsyn

20,0

NFD

Nytt system for akvakultursøknader

8,8

SD

Digitalisering Luftfartstilsynet

1,7

SD

Digitalisering Statens vegvesen

150,0

SD

Entur

20,0

FD

Felles IKT-løysing for SMK, departementa og DSS

80,0

 

Sum

1 542,1

 

[1] Løyvinga til medfinansieringsordninga i 2021 vil kunne utløyse offentlege digitaliserings­investeringar med samla budsjett på mellom 218 og 379 millionar kroner

[2] Talet i tabellen reflekterer nivået på støtte i 2021. Nivået på støtte til brebandsutbygging blei auka i saldert budsjett 2020, og dette nivået blir ført vidare i 2021. Løyvinga i 2020 blei auka ytterlegare til 406 millionar kroner av Stortinget ved handsaminga av Prop. 67 S (2019-2020), jf. Innst. 216 S (2019-2020).