– Det er ingen tvil om at togtilbodet fleire stader i landet er prega av for gamle tog. Desse er meir utsette for feil, får auka vedlikehaldsbehov og har lågare komfort samanlikna med nyare tog. Frå før av har vi bestilt 72 nye tog. Med dei 13 nye toga som vi no foreslår å kjøpe, blir vi endå betre rusta mot forseinkingar og innstillingar. Regjeringa ønskjer fleire tog tilgjengeleg for trafikk, slik at risikoen for å måtte køyre med eitt togsett når det er planlagt for to blir mindre, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.   


Plass til fleire reisande om bord

Samalikna med toga som blir brukt i dag, vil dei nye regiontoga ha plass til fleire passasjerar. Toga har eit interiør som er tilpassa rask av- og påstiging. Dei har fleire dører, trinnfri av- og påstiging frå standard plattformhøgde, breie midtgangar og store fleksisoner. Det blir enkelt for passasjerar med barnevogn, rullator eller rullestol å forflytte seg i toga, i tillegg til enkel av- og påstiging. Det er heilt nødvendig når toga skal frakte fleire passasjerar i og rundt Oslo, der jernbanenettet fleire stader er maksimalt utnytta.

For å sikre at nye tog fungerer som planlagt frå dag ein, blir det òg lagt opp til å gjere fleire tiltak på sjølve jernbanen. I 2026 er Drammenbanen og Østfoldbanens austre og vestre linje prioritert.

Fleire og meir moderne tog

Av 72 nye tog som tidligare er bestilt, kjem høvesvis 36 lokaltog og 19 regiontog frå Alstom, og 17 langdistansetog frå Stadler. Dei første lokaltoga skal etter planen inn i trafikk gradvis frå juni 2026, dei første regiontoga frå 2027 og dei første langdistansetoga frå 2028. Dei 13 regiontoga som regjeringa no foreslår å kjøpe inn, kjem frå Alstom og skal etter planen inn i trafikk frå 2028. 

Det er i dag 293 motorvognsett, 132 personvogner og 20 lokomotiv i persontogparken til Norske tog. Alle dei 85 nye toga er motorvognsett. Nokre av desse skal erstatte gamle tog, mens andre kjem i tillegg. Dei nye toga bidrar dermed både til ei modenisering og ei utviding av den norske persontogparken.

Om Norske tog

Norske tog AS er eit aksjeselskap eigd av staten ved Samferdselsdepartementet. Selskapet anskaffar, eig og forvaltar persontogmateriell. Toga blir leigde ut til togoperatørane på konkurransenøytrale vilkår. Norske tog skal også ha ein rådgjevande funksjon overfor staten, mellom anna ved å utarbeide ein togmateriellstrategi for det framtidige persontogtilbodet i samarbeid med Jernbanedirektoratet.