Tilleggsnummer til Statsbudsjettet 2022

Foreslår å reversere kutt i stønadsordning til godsoverføring frå veg til bane

– Hurdalsplattforma er klar på at regjeringa vil overføre meir gods frå veg til jernbane. Vi foreslår difor å reversere kuttet i tilskotsordninga for godsoverføring frå veg til bane i den førre regjeringas budsjettforslag for neste år. Det er meir klimavenleg å køyre gods på jernbane enn på veg, og difor er denne ordninga viktig. Reverseringa bidrar òg til å gi godsnæringa på bane føreseielege rammevilkår, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Reverseringa betyr at regjeringa foreslår å auke løyvinga til godsoverføringsordninga med 10,3 millionar kroner, til 92,3 millionar kroner, samanlikna med statsbudsjettforslaget til den førre regjeringa.

Godstransport på jernbane har hatt ein krevjande periode sidan toppåret i 2008. Det er i dag hard konkurranse frå lastebilnæringa. Godsnæringa på bane har òg opplevd at driftsstabiliteten i jernbaneinfrastrukturen ikkje har vore tilfredsstillande.  

Målet med tilskotsordninga er å bidra til at fleire verksemder vel å sende gods på jernbana, og at miljøfordelane ved dette blir betre reflektert i marknadsprisen  samanlikna med å frakte gods på veg.