Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2027 å løyve til saman 131,7 millionar kroner til digital sikkerheit: 

  • 26 millionar kroner for å bidra til å styrke digital sikkerheit i kommunane.
  • 105,7 millionar kroner til å styrke Digitaliseringsdirektoratets (Digdir) digitale fellesløysingar, slik som ID-porten, som blir brukt til å logge inn i offentlege digitale tenester.

Vil gjere kommunane betre rusta mot digitale angrep

Noreg er eit av verdas meist digitaliserte samfunn. Digitalisering kan gi store gevinstar for innbyggarane, offentleg sektor og næringslivet. Samtidig blir samfunnet meir avhengig av at digitale tenester og system ikkje sviktar. Konsekvensane kan bli svært alvorlege når tenestene blir ramma av digitale angrep.

– Fleire angrep den siste tida viser kor sårbare viktige tenester kan vere når digitale system blir sett ut av spel – og ikkje minst kor alvorlege konsekvensar angrepa kan ha for innbyggarane. Trusselaktørane utviklar metodane sine raskt. Angrepa blir meir sofistikerte, og kunstig intelligens gjer det mogleg å gjennomføre omfattande angrep på kort tid. Sjølv om det er kommunane som har ansvaret for digital sikkerheit i eiga kommune, er det viktig for regjeringa å bidra til å styrke den digitale sikkerheita, seier Micaelsen.

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet å løyve 26 millionar kroner for å styrke den digitale sikkerheita i kommunane. Helse- og kommuneCERT hjelper kommunesektoren med å førebygge, avdekke og handtere digitale angrep. Kommunedelen av løyvinga aukes med 12,5 millionar kronar, ei dobling. Videre foreslår regjeringa å styrke rettleiingskapasiteten hos statsforvalterane overfor kommunane på digital sikkerheit, og å halde fram prosjektstøtta til KS sitt arbeid med digital sikkerheit.