Høyring:
Foreslår endringar i reglane om kontroll med eigarar av større eigardelar i finansforetak
Nyheit | Dato: 26.06.2026 | Finansdepartementet
Finansdepartementet sender på høyring eit utkast til endringar i reglane om eigenskapsvurdering av eigarar av såkalla kvalifiserande eigardelar ved tildeling av konsesjon, samt hos ervervarar av kvalifiserande eigardelar ved såkalla etterfølgjande erverv.
Utkasta er utarbeidde av Finanstilsynet og skal mellom anna følgje opp ei avgjerd frå EFTA-domstolen.
Høyringsfristen er 15. oktober 2026.