I byrjinga av koronapandemien vedtok Stortinget ei mellombels lov om rekonstruksjon for å hjelpe levedyktige verksemder som vart råka av akutt svikt i inntektene. Målet med å vidareføre den mellombelse lova er å sørge for at verktøya i lova er tilgjengelege fram til permanente lovreglar om rekonstruksjon er på plass.

Lova gir ei rettsleg ramme for forhandlingar med kreditorane med sikte på ei frivillig eller tvungen ordning av gjelda og erstattar reglane om gjeldsforhandling i konkursloven. Den inneheld ei rekke verktøy som kan bidra til å redusere risikoen for unødige konkursar i levedyktige verksemder.

Permanente regler ute på høyring

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring forslag til nye reglar om rekonstruksjon i konkursloven som skal erstatte reglane om gjeldsforhandling i konkurslovens første del og reglane i den mellombelse lova om rekonstruksjon.  

Forslaget byggjer vidare på dei mellombelse løysningane. De akutte økonomiske problema mange bedrifter opplevde under koronapandemien, gjorde det naudsynt med raske lovendringar. Det har heile tida vore eit mål å få på plass permanente endringar, men dette krev ei grundig utgreiing.

Høyringsfristen for forslaget om endringar i konkursloven mv. (rekonstruksjon) er 13. april 2023.