Forslag om ein særskild kompensasjonsordning for «oljepionerane»

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommisjonen som har vurdert ei særskild kompensasjonsordning for «oljepionerane» la fram forslaga sine for arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen 15. desember 2022.

Utgreiinga vart ovverrakt statsråden av leiaren av kommisjonen, Geir Riise. 

– Eg takkar kommisjonen for arbeidet og vil no setje meg grundig inn i kunnskapsgrunnlaget og vurderingane til kommisjonen, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.  

Utvalsleiar Geir Riise og arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen under overlevering NOU - Oljepionerene - en kompensasjonsordning 15.12.2022
Fv: Utvalsleiar Geir Riise og arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen under overlevering NOU - Oljepionerene - en kompensasjonsordning 15.12.2022 Foto: Simen Gald / Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Kommisjonen vart nedsett 3. september 2021 etter oppmoding frå Stortinget og med eit omfattande mandat frå dåverande Arbeids- og sosialdepartementet. 

Kommisjonen har mellom anna vurdert kven som bør omfattast av ei kompensasjonsordning, omfanget av skadar i målgruppa, kriterier for å kome inn under ordninga og korleis ordninga bør finansierast og organiserast.

Kommisjonen meiner at etablering av ei særskild kompensasjonsordning for oljepionerane vil vera ei rett og formålstenleg oppfølging av denne gruppa.  

Det er utarbeida alternative forslag og modellar for utforming av ei kompensasjonsordning, og gjort ei vurdering av økonomiske og administrative konsekvensar av forslaga.

– Samtidig blir det løfta nokre prinsipielle sider knytt til særbehandling av enkeltgrupper innanfor ein sektor. Kommisjonen sin rapport vil derfor bli sendt på ei brei høyring, slik at saka kan bli best mogleg opplyst.

Kommisjonen si utgreiing kan lesast her: NOU 2022: Oljepionerane – ei kompensasjonsordning.