European Single Access Point (ESAP) inneber ikkje nye rapporteringsplikter for verksemder, men skal gi ålmenta sentralisert digital tilgang til informasjon som allereie skal offentleggjerast etter over 30 EØS-direktiv og -forordningar, dei fleste på finansmarknadsområdet. Den europeiske tilsynsstyresmakta for verdipapirmarknadane (ESMA) skal setje ESAP i drift innan 10. juli 2027.

For direktiva og forordningane som er omfatta av ESAP, skal det vere ei eller fleire innsamlingsorgan. For nokre av regelverka som er omfatta av ESAP, er det opp til nasjonale styresmakter å utpeike innsamlingsorgan. Finanstilsynet føreslår i høyringsnotatet at Finanstilsynet, Regnskapsregisteret og Oslo Børs skal vere innsamlingsorgan for ulike regelverk der ESAP-regelverket legg det til norske styresmakter å utpeike slike.

Høyringsfristen er 13. januar 2026.