Forsøk med fireårig lønnstilskot vedteken
Nyheit | Dato: 09.02.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa sitt forslag om eit forsøk med lønnstilskot i inntil fire år for å få fleire unge i arbeid og redusere andelen med uføretrygd er no vedtatt.
Forslaget vart send på høyring hausten 2025 og er no vedtatt av Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Nav kan frå 1. august 2026 gi lønnstilskot i inntil fire år til arbeidsgjevarar som tilset unge som har utfordringar med å få arbeid på ordinære vilkår. Målgruppa for ordninga er unge som står langt unna arbeidslivet og som har stor fare for å bli uføretrygda eller allereie er uføretrygda.
Høyringa gav tydeleg støtte til å innføre eit fireårig lønnstilskot. Antalet unge som får innvilga uføretrygd har vore høgt dei siste åra. Derfor peikar mange på behovet for nye og meir treffsikre verkemiddel for å hindre at unge med samansette utfordringar blir ståande i langvarig utanforskap.
– Nokon unge uføre blir betre over tid. Då skal vi signalisere tydeleg at vi framleis har bruk for dei. Vi veit også at rett type arbeid kan verke helsefremjande, spesielt for ein del psykiske lidingar. Vi skal ikkje gi slepp på unge som strevar med å kome i arbeid, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
I forsøket skal deltakaren og arbeidsgivaren få ei individuell oppfølging frå Nav. Nav skal tilby tilrettelegging på arbeidsplassen etter deltakaren sitt behov.
– Arbeidarpartiregjeringa ønskjer ein kunnskapsbasert politikk og vi veit at lønnstilskot fungerer. No vil vi bruke lønnstilskot meir og prøve ut eit nytt fireårig lønnstilskot for unge ved utvalde Nav-kontor, seier Stenseng.
Forslaget blei vedtatt av Arbeids- og inkluderingsdepartement den 4. februar og trer i kraft 1. august 2026.