Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

Forsterka satsing på distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Næringslivet i Distrikts-Noreg har gått bra i fleire år, men koronasituasjonen set mange bedrifter under hardt press. – Vårt forslag til statsbudsjett skal styrkje distrikta, ved at fleire kjem tilbake i jobb og at næringslivet får fleire bein å stå på, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Innsats og tiltak på mange politikkområde er med å  gjere det mogleg å bu, arbeide og drive eit aktivt næringsliv i heile landet. Difor satsar regjeringa på samferdsle, vekstframande skatte- og avgiftspolitikk, gode helsetenester, utdanning, forsking, digitalisering og innovasjon.

Samla føreslår regjeringa å løyve 46 milliardar kroner til politikk som særskilt støttar opp om utviklinga i distrikta. Dette er ein vekst på om lag 3 prosent samanlikna med 2020

Ein vellukka regional- og distriktspolitikk føreset innsats på ei rekke politikkområde. Dette er pengar som vil bidra til at bedrifter kjem i gang igjen, at det skapast nye jobbar i fleire bransjar i heile landet, og at veg og breiband gjer det mogleg å arbeide og bu i distrikta, seier Helleland.

Eit særleg viktig tiltak er differensiert arbeidsgjevaravgift, som utgjer 16,7 milliardar kroner i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2021. Inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar har òg stor betyding for å sikre ei god regional utvikling og regional balanse.

Satsing på næringsliv og kompetanse i distrikta

Regjeringa føreslår i tillegg å løyve 1,35 milliardar kroner til målretta, distriktspolitiske ordningar under Kommunal- og moderniseringsdepartementet som mellom anna skal medverke til eit vekstkraftig næringsliv i distrikta.

Det er viktig at bedriftene kjem i gang igjen over heile landet og at flest mogleg kjem i arbeid. Difor held vi fram med innsatsen for nyetableringar og etablerte bedrifter gjennom låne- og tilskotsordningar på over 1 milliard kroner. Innsatsen treffer både reiselivsbransjen og andre utsette bransjar, seier Helleland.

Regjeringa har òg sett av 16 millionar kroner til å teste ut ein ny modell for "statens hus".  Prosjektet skal gå over fire år. Føremålet med ordninga er å styrke samarbeidet mellom små avdelingar av statlege etatar på mindre plassar.

Eg vonar at denne ordninga skal gjere det lettare å rekruttere og behalde kompetanse i dei statlege etatane, og gjere det lettare å flytte statlege arbeidsplassar frå sentrale område til distrikta, seier Helleland.

Dei fire pilotkommunane er Orkland, Narvik, Stad og Lyngdal.

Fleire skal få breiband

Norsk breibandpolitikk er i hovudsak marknadsbasert og tilbydarane investerte rekordhøge 12,2 milliardar kroner i 2019. Dette bidreg til at 89 prosent av husstandane no har tilbod om høghastigheits breiband (100 Mbit/s nedlasting). Nokre stader blir det ikkje bygd ut på kommersielt grunnlag. Regjeringa foreslår å løyve 264,1 millionar kroner i 2021 til utbygging av breiband i slike område, som ofte er områda med mest spreidd busetnad i landet. Det vil vere eit av dei høgaste nivå på tilskot til breibandutbygging som har vore i Noreg.

Breiband er ein grunnleggande føresetnad for å kunne bu, arbeide og skape verdiar i heile landet. Basert på tal frå tidlegare år, vil tilskotsmidlane truleg kunne gi over 15 000 husstandar nytt breiband, seier Helleland.

Held fram satsinga på samferdsle

Ein vellukka regional- og distriktspolitikk er avhengig av ein god samferdslepolitikk. 

– Satsing på samferdsle handlar mellom anna om å knyte landsdelar saman og å korta ned avstandar, kostnader og reisetid mellom by og land. Det er soleis eit kraftfullt distriktpolitisk verkemiddel, som regjeringa har prioritert over fleire år, seier Helleland.

For 2021 føreslår regjeringa mellom anna å løyve:

  • 100 millionar til fylkesvegar
  • 928 millionar til kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes
  • 690 millionar til kjøp av innanlandske flyruter på strekningar som ikkje er kommersielt lønnsame
  • 100 millionar til å støtte innfasing av låg- og nullutsleppsferjer

Styrkt tryggleik i Nord-Noreg

Regjeringa vil leggje til rette for eit fortsett sterkt og robust Nord-Noreg, der mellom anna tryggleik og beredskap er viktig. Difor føreslår regjeringa å løyve midlar til etablering av ein ny fagskule for brann- og redningspersonell i Tjeldsund, etablering av testfasilitetar for oljevernteknologi på Fiskebøl, ein verradar på Finnmarksvidda og drift av ei redningsskøyte i Vardø.