Historisk arkiv

Lyngdal blir pilot i nye Statens hus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Lyngdal blir den fjerde og siste pilotkommunen som skal teste ut regjeringa sin nye modell for statens hus. Dette blei kjent då distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland besøkte Agder måndag 28. september.

Målet er at små og mellomstore avdelingar av statlege etatar skal samarbeide tettare med kvarandre og skape større statlege fagmiljø på mindre stader.

– Eg er glad for å kunne peike ut Lyngdal kommune som pilot i statens hus. Lyngdal er godt i gang med å planleggje for framtida i den nye kommunen, og har vore ein pådrivar for å bli ein av pilotkommunane i dette prosjektet. Dei ynskjer å bruke sine fortrinn til å gjere kommunen til eit godt vertskap for sine statlege etatar, og ein attraktiv stad å bu, og eg gler meg til å sjå kva dei oppnår gjennom dette prosjektet, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Rekruttere kompetanse

Ei av dei største utfordringane for mange distriktskommunar er å rekruttere og behalde personar med fagkompetanse.

– Eg vonar at denne ordninga vil gjere det meir attraktivt å søkje ein jobb i staten på mindre stader, og lettare å flytte statlege arbeidsplassar frå sentrale område til distrikta, seier Helleland.

Fire pilotar

Regjeringa vil starte pilotar på fire stader, Stad, Orkland, Narvik og Lyngdal. Dei fire pilotkommunane kan organisere arbeidet på ulike måtar:

  • Nokre pilotar kan ha som mål å oppnå betre resultat innanfor rekruttering, IKT og kompetanseutvikling. Andre kan få på plass felles samhandling med kommunar og fylkeskommune.
  • Pilotar kan samarbeide digitalt i dei lokala dei har i dag, eller dei kan flytte i same bygg, der det er føremålstenleg og mogeleg.

I Lyngdal er det i dag fleire statlege etatar, og det er ikkje avklart kven av desse som vil vere med i pilotordninga. Dette må avklarast av dei ansvarlege departementa, i dialog med dei aktuelle verksemdene.

– Eg vonar statens hus-pilotane vil løfte fram og utvikle arbeidet som kommunane gjer for å vere eit godt vertskap for sine statlege etatar, seier Helleland.