Forsterkar Forsvarsløftet med nye 121 milliardar
Nyheit | Dato: 12.06.2026 | Sist oppdatert: 30.06.2026 | Forsvarsdepartementet
Stortinget vedtok 12. juni auka rammer og prioriteringar i Langtidsplanen for forsvarssektoren. Alle partia på Stortinget har vorte samde om eit oppdatert forsvarsløft. Noreg skal bruke 1854 milliardar kroner på å ruste opp Forsvaret fram til 2036.
– Vi legg 121 milliardar nye kroner inn i det som allereie var eit historisk løft for Forsvaret. Dette er ei kraftfull satsing for å gjere Noreg tryggare, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik.
Alle partia på Stortinget støttar opp om oppdateringa av Langtidsplanen for forsvarssektoren, kort kalla Forsvarsløftet. Stortinget vedtek den oppdaterte planen samrøystes i dag, på same måte som i 2024.
– Vi er midt i ei historisk opprusting av det norske Forsvaret. Med denne semja held Stortinget fram oppbygginga av forsvarsevna vår, samstundes som vi gjer naudsynte endringar. Eg er stolt av at vi i Noreg kan samarbeide på tvers av politiske skiljelinjer om dei verkeleg viktige sakene som vedkjem oss alle, seier Sandvik.
Han trekkjer fram dei viktigaste punkta i det oppdaterte Forsvarsløftet som Stortinget vedtok 12. juni i år. Nokre av punkta er stadfestingar av prioriteringar i opphavleg plan, medan nokre er nye prioriteringar i oppdatert plan:
- Vi fornyar Sjøforsvaret med nye fregattar, nye ubåtar og nye standardiserte fartøy. Vi har inngått strategiske avtalar med Storbritannia og Tyskland, og knyter oss dermed tettare til to viktige allierte.
- Vi kjøper NASAMS-luftvernsystem og langtrekkjande luftvern som styrkjer evna Noreg har til å forsvare seg mot lufttruslar.
- Vi vidareutviklar Hæren og framskundar Finnmarksbrigaden. Noreg skaffar seg langtrekkjande presisjonseld, og vi vedtek rammene for anskaffinga av kampvogner.
- Vi satsar tungt på ny teknologi, mellom anna innan dronar. Her kan vi òg lære av Ukraina, og det er viktig for at vi skal kunne byggje eit framtidsretta forsvar. Den høge og varige støtta vår til Ukraina bidrar difor til å auke tryggleiken i Noreg og Europa.
- Vi satsar på satellittar for overvaking og kommunikasjon, noko som er viktig, ikkje minst for å tryggje nordområda.
- Vi tilset fleire folk, kallar inn fleire vernepliktige og held på dei lenger som reservistar.
- Vi legg til rette for at våre allierte skal trene og øve i Noreg, og rustar opp infrastrukturen for alliert mottak.
Rustar opp for å unngå krig
– Vi byggjer no opp Forsvaret og rustar opp for å avskrekke og unngå krig. Vi sender eit signal om at kostnaden ved eit kvart åtak mot Noreg vil vere altfor høg, seier forsvarsministeren.
Etter fleire tiår med nedbygging av Forsvaret byggjer Noreg no opp att forsvarsevna. Utgiftene til forsvar har auka kraftig sidan Arbeidarparti-regjeringa tok over i 2021, frå eit forsvarsbudsjett på 65 milliardar kroner i 2021 til 112 milliardar kroner i år, eller 180 milliardar kroner dersom ein reknar med den militære støtta til Ukraina.
Må auke produksjonen av forsvarsmateriell
I tillegg vert det viktig å leggje til rette for at forsvarsindustrien skal kunne produsere meir framover.
– Ei føresetnad for at vi skal lukkast med å styrkje forsvaret i Noreg og Europa, er at vi har nok tilgjengeleg forsvarsmateriell. Vi vil difor bruke midlar på tiltak som styrkjer produksjonskapasiteten. Vi skal leggje til rette for at både små og store aktørar bidrar saman for å finne dei beste løysingane for framtidas forsvar, seier Sandvik.
Ei endra verd kravde eit oppdatert forsvarsløft
I 2024 vart Forsvarsløftet vedteke. Også den gongen stod alle partia på Stortinget samla bak planen, som er eit historisk løft for forsvarsevna til Noreg og eit tydeleg prov på at tryggleiken til landet er ei av dei viktigaste sakene for Arbeidarparti-regjeringa. Ramma var på 1635 milliardar kroner, noko som svarar til 1733 milliardar kroner rekna i 2026-kroner.
Før påske i år, 27. mars 2026, la regjeringa fram for Stortinget framlegget sitt til oppdateringar i planen. Regjeringa ville bruke 115 milliardar kroner meir, med ei samla ramme på 1848 milliardar kroner rekna i 2026-kroner. Bakgrunnen var ein meir alvorleg tryggleikspolitisk situasjon, kombinert med prisvekst og lange leveringstider for forsvarsmateriell og teknologiutvikling. Alt dette gjorde at det var behov for ei større oppdatering av Forsvarsløftet.
Etter forhandlingar på Stortinget har alle partia vorte samde om å leggje ytterlegare 6,15 milliardar kroner inn i Forsvarsløftet. Auken i den nye økonomiske ramma vert dermed 121 milliardar kroner rekna i 2026-kroner i perioden 2026–2036, og den nye samla ramma for Forsvarsløftet vert 1 854 milliardar 2026-kroner i perioden 2025–2036.
Viktig for tryggleiken til landet
– Dette er eit historisk løft for Forsvaret og ei tydeleg prioritering av tryggleiken til Noreg i ei usikker tid. Vi må styrkje forsvarsevna til Noreg. Forsvarsløftet gir oss den føreseielegheita som er naudsynt for oppbygginga av Forsvaret, seier forsvarsministeren.
– Dette er ein viktig dag. Det er ein stor styrke for landet vårt at alle partia på Stortinget på nytt stiller seg bak langtidsplanen som skal styrkje forsvaret av Noreg i åra som kjem. Ikkje minst sender det eit signal til resten av verda om at Noreg står samla om å styrkje Forsvaret. Å styrkje forsvarsevna er viktig for tryggleiken til landet, seier Sandvik.