Dette går fram av European Surveillance of Veterinary Antimicrobial Consumption (ESVAC) rapporten som nylig er publisert frå det Europeiske legemiddelbyrået (EMA).

Av omsyn til folkehelsa er det tilrådd å begrense bruken av antibiotika i husdyrhaldet.

– For høg antibiotikabruk kan gjere bakteriane motstandsdyktige/resistente. Slik antibiotikaresistens er eit naturleg fenomen, men menneske har påskunda prosessen gjennom overdreven bruk av dette effektive legemiddelet. Det er derfor slått fast i Hurdalsplattformen at regjeringa vil oppretthalde forbodet mot førebyggjande bruk av antibiotika og vekstfremjande middel i dyrefôr, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.

Graf
Foto: europa.eu

Noreg av dei landa som brukar minst

Det er store variasjoner mellom landa med omsyn til kor mykje antibiotikabruken er redusert. Tendensen er at land som i utgangspunktet hadde det høgste forbruket har stått for den største reduksjonen. Noreg held fram med å vere mellom dei landa i EU/EØS  med det lågaste forbruket av antibiotika til matproduserande dyr.

Sjå forbruket av antibiotika til matproduserande dyr i 31 Europeiske land