I dag får Noreg 35 nye område med verna skog
Nyheit | Dato: 23.06.2026 | Klima- og miljødepartementet
Regjeringa vernar i dag 35 nye skogområde i ni fylke. Dei nye naturreservata inneheld mange viktige naturtypar og et stort tal truga artar. Vernevedtaket bidreg til å ta vare på naturen og artane for framtida.
– Skogvern er naudsynt for å sikre og ta vare på det rike mangfaldet i norske skogar. Skogane er heim for nær halvparten av dei truga artane i Noreg. Eg er glad for at vi, med dagens vernevedtak, bidreg til å ta vare på desse artane også for framtida, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Skogområda som blir verna i dag omfattar mellom anna spesielt mange område med ulike utformingar av rik edellauvskog. Områda inngår i samarbeidet om såkalla frivillig skogvern, som betyr at private skogeigarar bestemmer seg for å verne skogen mot ein kompensasjon frå staten.
– Honnør til alle skogeigarar
Vernevedtaket bidreg til å nå dei nasjonale måla for naturmangfald:
- Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.
- Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga for truga og nær truga artar og naturtypar skal bli betre.
- Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.
Til saman vart i dag nesten 36 kvadratkilometer nytt areal verna. Om lag 25 kvadratkilometer av dette er produktiv skog.
Her finn du Miljødirektoratets kart over alle dei nye verneområda.
Saman med vernevedtaket for nye skogvernområde i Nordland førre veke, er no nær 5,6 prosent av skogen verna, og 4,3 prosent av den produktive skogen. Dette er eit viktig steg mot Stortingets vedtekne mål om at 10 prosent av norsk skog skal vernast.
– Med dette vernevedtaket held vi oppe den sterke framdrifta vi har hatt i arbeidet med frivillig skogvern dei siste åra. Sidan 2021 har Arbeiderparti-regjeringa verna heile 385 nye skogområde. Eg vil gi stor honnør til alle skogeigarane som har tilbydd viktig skog til frivillig vern, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Fleire område skal vernast framover
Samarbeidet mellom miljøstyresmaktene og skogeigarorganisasjonane om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003, og dei første områda vart verna hausten 2005. Til saman 1073 skogområde er frivillig verna sidan ordninga starta. Interessa for frivillig vern av privateigd skog er stor, og arbeid med ei rekkje nye skogområde er i gang.
Allereie hausten 2026 er det planlagt vern av fleire nye område. Stortingsforliket om 2026-budsjettet gjorde at løyvinga til skogvern auka med ein milliard kroner. Mesteparten av desse pengane skal brukast til skogvern i 2026.
Stor variasjon mellom områda som blir verna
Skogområda som er verna, har mange ulike skogtypar og verneverdiar. Her er nokre døme:
- Hammarland naturreservat i Bjørnafjorden kommune i Vestland inneheld mellom anna vestnorsk regnskog og rik edellauvsskog. Området har skog med særs store naturkvalitetar, særskilt knytt til styvingstre av ask i den raudlista naturtypen boreonemoral regnskog.
- Bergsjø og Frygne naturreservat i Hol og Nore og Uvdal kommunar i Buskerud er det største området som blir verna i dag, med 8,8 km2. Området består av gamal furuskog med keloelement, og inneheld ei rekkje sjeldne og truga artar av sopp som lever i død ved av furu. Mellom anna finst taigakvitkjuke, som er kategorisert som sårbar i Raudlista for artar, og som er særs sjeldan på Austlandet og først og fremst knytt til urskognære furuskogar i Pasvik og Femund-området. Området er også sterkt prega av gjentekne skogbrannar dei siste hundreåra. Naturlege skogbrannar er viktig for ei rekkje brannspesialiserte artar.
- Rambergåsen naturreservat i Notodden kommune i Telemark inneheld mellom anna den sterkt truga naturtypen rik gransumpskog og den sårbare naturtypen lågurtfuruskog. Det er registrert fleire raudlista artar innanfor området, blant anna karplantar, lav, sopp og insekt.
- Mardalen naturreservat i Molde kommune i Møre og Romsdal blir, etter utvidinga, heile 6,3 km2. Utvidingsområde omfattar gamal boreal lauvskog, som inneheld store naturverdiar knytt til gråor-heggeskog, rik edellauvskog med alm og hassel og gamal fuktig lauvskog med grove steinblokker, delvis også gamal furu. Artsmangfaldet er variert og rikt med eit stort tal raudlista artar.
- Frivillig vern av skog inneber at miljøstyresmaktene definerer kva skogtypar og naturkvalitetar som bør vernast. Ut frå dette tilbyr skogeigar areal for vern. Dersom miljøstyresmaktene vurderer at området har naturfaglege kvalitetar som tilseier at det bør vernast, kan stat og skogeigar forhandle fram avtaler om frivillig vern.
- Skogeigar gir då frå seg retten til å drive skogbruk i naturreservatet, og får såleis erstatning for tap av framtidig inntekt frå skogbruk i området. Dersom skogeigar ikkje er nøgd med utfallet, kan han/ho trekkje seg undervegs i prosessen.
- Verneforslag med forslag til verneføresegner og vernegrenser blir sende på offentleg høyring slik at ein kan hente inn synspunkt og avklare forhold til andre interesser. Vernevedtak skjer ved kongeleg resolusjon i statsråd.
- Normalt er jakt, fiske og hausting av bær og sopp tillate. Skogeigar får behalde eigedomsretten, samt jakt-, fiske- og beiterettar i området. Eventuelle hytter eller setrar kan brukast og vedlikehaldast som før.
- Husbyfjellet i Aure kommune, Møre og Romsdal fylke
- Grøtsura i Haram kommune, Møre og Romsdal fylke
- Mardalen i Molde kommune, Møre og Romsdal fylke (utviding)
- Båtneset i Sula kommune, Møre og Romsdal fylke
- Dalan i Surnadal kommune, Møre og Romsdal fylke
- Hammarland i Bjørnafjorden kommune, Vestland fylke
- Oksåsen i Flekkefjord kommune, Agder fylke (utviding)
- Dalehagen i Froland kommune, Agder fylke
- Joknåsen i Grimstad kommune, Agder fylke
- Strendan i Hægebostad kommune, Agder fylke
- Tarvatnet i Lindesnes kommune, Agder fylke
- Vormvik i Vegårshei kommune, Agder fylke
- Nutknuten i Vegårshei kommune, Agder fylke
- Tjaldal i Åseral kommune, Agder fylke
- Skulehomfjell i Fyresdal og Nissedal kommuner, Telemark fylke
- Høgfjell i Nissedal kommune, Telemark fylke
- Rambergåsen i Notodden kommune, Telemark fylke
- Nesfjellet i Seljord kommune, Telemark fylke
- Tiurkollen i Skien kommune, Telemark fylke
- Vestfjorddalen og Øverland i Tinn kommune, Telemark fylke (utviding)
- Storås i Sandefjord kommune, Vestfold fylke
- Lønnskollen i Tønsberg kommune, Vestfold fylke
- Granasnekollen i Larvik kommune, Vestfold fylke
- Robøle i Gol kommune, Buskerud fylke
- Bergsjø og Frygne i Hol og Nore og Uvdal, Buskerud fylke
- Såttvetåsen i Kongsberg kommune, Buskerud fylke
- Økta i Nore og Uvdal kommune, Buskerud fylke
- Hestebrennjuvet i Ringerike kommune, Buskerud fylke (utviding)
- Husebykollen i Asker kommune, Akershus fylke
- Skreikampen i Eidsvoll kommune, Akershus fylke
- Holumskogen i Nittedal kommune, Akershus fylke
- Bjøraltskogen i Lunner kommune, Akershus fylke
- Begna i Nord-Aurdal kommune, Innlandet fylke (utviding)
- Nedre Leberg i Melhus kommune, Trøndelag fylke
- Gråura i Oppdal kommune, Trøndelag fylke (utviding)
- Frivillig vern av skog inneber at miljøstyresmaktene definerer kva skogtypar og naturkvalitetar som bør vernast. Ut frå dette tilbyr skogeigar areal for vern. Dersom miljøstyresmaktene vurderer at området har naturfaglege kvalitetar som tilseier at det bør vernast, kan stat og skogeigar forhandle fram avtaler om frivillig vern.