Gammel skog i Olaåsen naturreservat i Vefsn kommune.
Gammel skog i Olaåsen naturreservat i Vefsn kommune. Foto: Torbjørn Høitomt

– Dette er eit viktig vernevedtak. No sikrar vi viktig og til dels unik skog i Nordland for framtida. Dette er eit heilt konkret tiltak som vil bidra til at truga artar kan overleve. Samstundes skal ikkje vernet ha vesentleg negativ konsekvens for lokal næring, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Vernevedtaket omfattar 46,6 km2 nytt verneareal der ca. 26 km2 er produktiv skog. Omsynet til skogbruk og skogindustri er særskilt grundig vurdert i samband med vernevedtaket.

Område med spesielle verneverdiar

Områda som er verna omfattar eit stort mangfald av skogtypar, som gamal granskog, gamal furuskog, kalkgranskog, boreal regnskog, skogdekte bekkekløfter, gråor-heggeskog og høgstaudebjørkeskog.

Det er registrert ei rekkje truga og nær truga artar i områda. For fugl er det registrert ein art i kategori kritisk trua (CR), tre fugleartar i kategori sårbar (VU) og 5 fugleartar i kategori nær trua (NT). For artsgruppene insekt, karplantar, lav, sopp og mosar er det registrert i alt 90 nær truga og truga artar.

Mange artar i dei nye verneområda er vurderte som norske ansvarsartar, som betyr at Noreg har meir enn 25 % av europeisk populasjon av arten og eit særskilt ansvar for å ta vare på artane. En stor del av desse er i kategorien livskraftig (28 stk). I tillegg finst her 15 ansvarsartar som er raudlista som nær truga, sårbare og sterkt truga.

I Danielåsen naturreservat er det funne ein heilt ny lav-art for vitskapen, Microcalicium loraasii, på ståande daud ved av furu. Det er også registrert ein ny art for vitskapen i Litlfjellet naturreservat, lav-arten Miriquidica majae.

– Arbeiderparti-regjeringa er opptatt av å ta betre vare på naturen, og skogvern er naudsynt for å sikre det rike naturmangfaldet i norske skogar. I skogen finst det heile 1330 truga artar, og det kviler eit tungt ansvar på oss som lever no for at artsmangfaldet skal bestå, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Grundig vurdering av konsekvensar for næring

Vernevedtaket følgjer opp Stortingets vedtak 3. desember 2015 om å gå gjennom Statskogs eigedommar med sikte på skogvern.

Omsynet til skogbruk og skogindustri er spesielt grundig vurdert i denne saka.

Allereie våren 2019 bad Klima- og miljødepartementet om at Miljødirektoratet skaffa naudsynt kunnskap. Dette har sikra at omsynet til verneverdiar er grundig vurdert opp mot konsekvensar for næring generelt – og for bedrifta Arbor spesielt. NIBIO si analyse er mellom anna at vern ikkje hindrar at samla tilgjengeleg tømmer på Helgeland i komande 30-års periode er tilstrekkeleg for å oppretthalde, eller til og med auke, hogstnivået. I tillegg er skogarealet som blir verna betydeleg redusert i verneprosessen. Vernet vil bandlegge mindre enn 1 % av tilgjengeleg tømmer i dei aktuelle kommunane. Det er konkludert med at vernet ikkje vil ha vesentleg negative konsekvensar for skogbruk og treforedling, heller ikkje for bedrifta Arbor.

Under arbeidet med saka har Klima- og miljødepartementet hatt dialog med både representantar for aktuelle kommunar og bedrifta Arbor Hattfjelldal.

Historisk høg løyving til skogvern

Stortingsforliket om 2026-budsjettet gjorde at løyvingane til skogvern auka med ein milliard kroner i nysalderinga for 2025. Det meste av desse midlane skal brukast til skogvern i 2026.

Vernevedtaket er også eit steg mot Stortingets vedtekne mål om vern av 10 prosent av skogen.

Til no er 5,5 prosent av skogen verna. 4,3 prosent av dette er såkalla produktiv skog.

Ei rekkje område skal vernast framover
Skogvernet skjer ved vern av skog på statsgrunn, slik som dagens vernevedtak i Nordland, og ved frivillig vern av privateigd skog.

– Interessa for frivillig vern av privateigd skog er stor, og arbeid med ei rekkje nye skogområde er i gong. Det er planlagt vern av fleire område hausten 2026. Med dette vedtaket har vi verna heile 350 skogområde sidan hausten 2021. Regjeringa har saman med sine samarbeidspartia sikra historisk høge løyvingar til skogvern, med meir enn 3,7 milliardar kroner på fire år. Vi planlegg og vern av ei rekkje andre viktige skogområde i løpet av 2026, og eg er særskilt glad for at så mange skogeigarar frivillig velger å verne skogen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Disponible midlar til skogvern dei siste åra

2023: 730 mill. kroner (inkludert 100 mill. kr i forlik om RNB 2023 og 200 mill. kr i forlik om nysalderinga 2023).

2024: 800 mill. kroner (eigentleg 1,07 milliardar kr i endeleg løyving, men av dette 270 mill. kr løyvd i nysalderinga rett før jul som del av Stortingsforliket om 2025-budsjettet, som ble overført til 2025).

2025: 826 mill. kroner (eigentleg 1,556 milliardar kr i endeleg løyving, men av dette 1 milliard kr løyvd i nysalderinga rett før jul som del av Stortingsforliket om 2026-budsjettet, og som må overførast til 2026. Omfattar 270 mill. kr overført frå nysalderinga 2024 som ein del av forliket om 2025-budsjettet).

2026: 1,356 milliardar kr (inkludert 1 milliard kr frå nysalderinga 2025 som del av Stortings-forliket om 2026-budsjettet, og det meste av desse midlane er overført til 2026).

Vernet bidreg til nasjonale mål for naturmangfald

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.
  • Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga for truga og nær truga artar og naturtypar skal bli betre.
  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Følgjande 18 område er verna etter naturmangfaldlova:

  1. Austervefsna naturreservat (utvidelse) i Hattfjelldal kommune
  2. Bollermolia naturreservat i Hemnes kommune
  3. Breiskardet naturreservat i Grane kommune
  4. Danielåsen naturreservat (utvidelse) i Grane kommune
  5. Holmvassdalen naturreservat (utvidelse) i Grane kommune
  6. Kappfjellmoen naturreservat i Grane kommune
  7. Litlfiplingdalselva naturreservat (utvidelse) i Grane kommune
  8. Litlfjellet naturreservat/Rånhtjoenhvaartoe eatnemedajve i Grane kommune
  9. Lomsdal-Visten nasjonalpark/Njaarken vaarjelimmiedajve (utvidelse i Grane kommune)
  10. Mikkeljordmoen naturreservat i Hattfjelldal kommune
  11. Olaåsen naturreservat i Vefsn kommune
  12. Simafjellet naturreservat (utvidelse) i Hemnes kommune
  13. Skardmodalen naturreservat/Skaalma eatnemedajve (utvidelse) i Hattfjelldal kommune
  14. Spølremvatnet naturreservat i Grane kommune
  15. Stavvassdalen naturreservat i kommunene Grane og Vefsn
  16. Stortuva naturreservat (utvidelse) i Hemnes kommune
  17. Svartvasselva naturreservat/Tjeehpesjaevrienjohke eatnemedajve i Grane kommune
  18. Svartåga naturreservat i Hemnes kommune