Full koronakompensasjon til kommunesektoren

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Koronaarbeidsgruppa talfesta i sin sluttrapport for 2022 8,8 milliardar kroner i meirutgifter og mindreinntekter i kommunar og fylker. − Regjeringa foreslår å kompensere kommunesektoren fullt ut for dette, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

- Kommunane og fylkeskommunane sto i fyrste linje under pandemien, og hadde difor mange ekstra utgifter. Staten dekker desse ekstrautgiftene, slik at kommunane får meir handlefridom for å vareta dei viktige oppgåvene dei har blant anna overfor barn og eldre, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Det er allereie løyvt 1,5 milliardar kroner i kompensasjon for 2022. I nysalderinga av 2022-budsjettet løyver regjeringa no dei resterande 7,3 milliardar kroner. Av totalbeløpet vil 6,9 milliardar kroner gå til kommunane og 0,4 milliardar kroner til fylkeskommunane. 2 milliardar vil bli fordelt som skjønnsmidlar mellom kommunane. Kommunal- og distriktsdepartementet vil få innspel frå statsforvaltarane om fordeling av skjønnsmidlar, og departementet vil på bakgrunn av ei samla vurdering utbetale kompensasjonen innan årets slutt.

− Vi har heile tida vore tydeleg på at vi vil stille opp for kommunesektoren. No kompenserer vi sektoren fullt ut, òg for dei ekstra utgiftene dei har hatt som følgje av avtalen mellom KS og arbeidstakarorganisasjonane om høgare kompensasjon for overtid, seier Gjelsvik.

- Pandemien er no inne i ein annan fase. Vi lever framleis med viruset, men har kome attende til ein normal kvardag. Kommunane og fylkeskommunane har gjort ein framifrå jobb under pandemien, og eg vil takke dei tilsette i skular, barnehagar, helse- og omsorgstenestene og elles i sektoren for det imponerande arbeidet dei har gjort, avsluttar kommunalministeren.

Fordeling av koronakompensasjonen i 2022

(Midlane som blir fordelt etter talet på innbyggarar, 2 milliardar kroner i skjønnsmidlar kjem i tillegg).

Midlane til kommunane blir fordelt delvis etter talet på innbyggarar (4,9 milliardar kroner) og delvis som skjønnsmidlar (2 milliardar kroner). Kor mykje kvar enkelt kommune får av dei 4,9 milliardar kronene som blir fordelt etter talet på innbyggarar, kan du sjå i Excel-fila.

For skjønnsmidlane vil Kommunal- og distriktsdepartementet få innspel frå statsforvaltarane om fordeling, og departementet vil på bakgrunn av ei samla vurdering utbetale kompensasjonen innan slutten av året. Det kommunane vil få frå skjønnsmidlane, kjem altså i tillegg til beløpa som er i oversikta.

For fylkeskommunane blir kompensasjonen på 400 millionar kroner i sin heilskap fordelt etter talet på innbyggarar. Fordelinga på fylkeskommunane er også vist i oversikta.

Pressekontaktar

For statsministeren

E-post til kommunikasjonseininga: smkinfo@smk.dep.no

For kommunal- og distriktsministeren

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no