Statsbudsjettet 2026
Full momskompensasjon til frivilligheita
Pressemelding | Nr: 55/25 | Dato: 15.10.2025 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Regjeringa held fram med å prioritere frivilligheita, og foreslår over 3 milliardar kroner til momskompensasjonsordninga. Det er ein auke på 429 millionar kroner frå i fjor og er viktig for å sikre forutsigbarheit for frivilligheita.
I år vil om lag 25 000 organisasjonar få pengar frå ordninga, dei fleste små lag og foreiningar.
– Kvar dag står frivillige i heile landet på for at barn og unge får delta på det dei vil, uavhengig av økonomi. Meir pengar til dei frivillige organisasjonane betyr meir aktivitet og tilbod – for alle. Derfor er det så viktig for oss å gi full momskompensasjon også i 2026, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Ordninga fungerer slik at organisasjonane blir kompenserte for moms ved kjøp av varer og tenester. Dette er enkelt og ubyråkratisk, og det er ikkje krav om rapportering.
Over 60 prosent av den norske befolkninga har delteke i frivillig arbeid det siste året. – Det betyr at store deler av befolkninga er engasjert i frivillige organisasjonar og bidreg med si tid og innsats på uløna arbeid. Utan dugnadsinnsatsen hadde landet vore mindre mangfaldig, skapande og inkluderande, seier kultur- og likestillingsministeren.