Fyrste møte i Toppleiarforum for berekraftmåla

Onsdag 1. juni samla Toppleiarforum for berekraftsmåla seg for fyrste gong. Toppleiarforum er ein arena for utvikling av felles kunnskapsgrunnlag, deling av beste praksis og drøfting av målkonfliktar, interessemotsetningar og dilemma.

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik(foran i midten) med resten av toppleiarforum
Statsråd Sigbjørn Gjelsvik(foran i midten) med resten av toppleiarforum. Foto: KDD

–  Interesser og mål står ofte mot kvarandre. I Toppleiarforum har vi ein unik moglegheit til å løfte problemstillingane og peike på løysingar som kan ta oss vidare, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik, som er leiar av Toppleiarforum.

Tema som blei diskutert i det fyrste møtet var «Energiforsyning – klima, natur og konkurransekraft».

– Det er ein dagsaktuell problemstilling som viser på ein rekke dilemma og målkonflikter. Energisektoren er ein god stad å starte for Toppleiarforum, seier Gjelsvik.

Energi har mykje å seie for fleire av berekraftsmåla. Det handlar om å redusere klimautsleppa. Energien gjer grunnlag for innovasjon, sysselsetting og økonomisk vekst. Samstundes skal vi bevare miljøet, både på land og til havs. Det er store investeringar med et langt tidsperspektiv.

I onsdagens møte peika Toppleiarforum på at energisituasjonen i Noreg og Europa gjer at investeringane hastar, og det gjeld både energisparing og utbygging. Det veks fram ny industri som krev mykje straum, samtidig som vi skal elektrifisera transportsystema. Olje, gass og straum no særs viktig også tryggingspolitisk.

 –  Det er mange omsyn å ta når vi skal gjennomføra store investeringar. Det var semje i møtet om å arbeide vidare fram mot neste møte med forslag til korleis planprosessane kan bli betre, med mål om at vi kan auke tempoet samstundes som usemje handterast på ein måte som gjer tillit, seier Gjelsvik.

Toppleiarforum har ein bred samansetning  

Referatet frå møtet vil bli publisert på berekraft.regjeringen.no.