Statsbudsjettet 2027
Gjenbruk av kapital i Investinor
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Nærings- og fiskeridepartementet
I revidert budsjett 2026 ga staten Investinor auka fleksibilitet. Nå styrker regjeringa satsinga på oppstarts- og vekstselskap gjennom å legge til rette for at Investinor kan gjenbruke midlar som tidlegare har gått direkte til staten.
Våren 2026 la regjeringa til rette for auka fleksibilitet for Investinor til å investere meir i venturekapitalfond. I tillegg opna regjeringa for at Investinor også kan forvalte privat kapital. Desse grepa la grunnlaget for meir privat investering i oppstarts- og vektsselskaper i Norge.
– Noreg treng å bygge morgondagens næringsliv. Vi justerer derfor styringa av Investinor slik at meir privat kapital kan finne vegen til gründerar og oppstarts- og vekstselskap, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Dette forslaget kan bidra til at meir kapital blir frigjort til investeringar i norske oppstarts- og vekstselskap. Ved å legge til rette for at meir kapital kan bli overført til Investinor i åra som kjem, kan staten vere med på legge til rette for at vi har eit konkurransedyktig næringsliv også i framtida.
– For kvar krone som Investinor investerte i 2025, kom det ytterlegare ni kroner i private investeringar. Det er slik vi skal bygge næringslivet for framtida, seier Myrseth.
Nordisk ministerråd peikar på at nabolanda våre har meir utvikla private investormiljø med erfaring og kompetanse.
– Ved å satse meir på fondsinvesteringar bygger vi opp sterke investormiljø med erfaring i å finne, investere i og følge opp oppstarts- og vekstselskap. Det vil bidra til at fleire bedrifter kan vekse og lykkast, seier Myrseth.
Felles løft for meir vekstkapital
Internasjonale samanlikningar viser at investeringar frå venturekapitalfond er lågare i Noreg enn i dei nordiske nabolanda våre. Årsakene til dette er samansette. Sverige, Finland og Danmark har mellom anna større innslag av teknologi- og forskingsintensive næringar, som tradisjonelt tiltrekker seg meir venturekapital.
– Frigjering av denne kapitalen til nye investeringar er berre starten. Finansministeren og eg er førebudd på å snu kvar stein for å betre tilgangen på vekstkapital i Noreg, seier Myrseth.
Regjeringa vil samle finansnæringa, gründerar og innovasjonsmiljø til ein felles innsats for å få meir risikokapital inn i norske vekstbedrifter, slik at fleire selskap kan vekse og lykkast i Noreg. Målet er å etablere ein felles ambisjon for privat kapital til oppstarts- og vekstselskap, og regjeringa vil samarbeide tett med næringslivet for å nå denne ambisjonen.
Utvikling av Investinor og andre verkemiddelaktørar
Investinor AS er ein sentral aktør når det gjeld å bygge opp den private marknaden for vekstkapital i Noreg. Gjennom investeringar i fond og direkte i selskap aukar Investinor kapitaltilgangen til vekstbedrifter i heile landet. Investinor tilfører fond og selskap både kapital og kompetanse.
Selskapet investerer frå pre-såkornfasen til ekspansjonsfasen gjennom to ulike hovudmandat. I tillegg kan dei bidra til at utanlandske fond investerer meir i Noreg og kan samarbeide med private investorar og utanlandske verkemiddelaktørar om fond-i-fond-initiativ.
Regjeringa vil legge til rette for at unytta tapsfond frå såkornfonda, og dessutan realiseringar frå Koinvesteringsfondet for Nord-Noreg, kan nyttast i nye tilførslar av kapital til mandatet for Fonds- og matchinginvesteringar. Saman med realiseringar frå pre-såkornfondordninga kan dette bidra til ei vidare styrking av Investinor i dei kommande åra. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om dette i dei årlege budsjettproposisjonane.
I tillegg til Investinor kan norsk næringsliv dra nytte av EU-program som InvestEU og Horisont Europa, som Noreg tar del i. Herunder er òg kapital frå mellom anna Det europeiske investeringsfondet og Scaleup Europe Fund tilgjengeleg for norske selskap. Investinor har mandat i å støtte opp om verksemda til desse europeiske aktørane i Noreg. Noreg er dessutan sjølv investor i NATOs innovasjonsfond, og Investinor forvaltar eigarskapen til staten i fondet. Nysnø Klimainvesteringer er også ein viktig aktør for å betre risikokapitalmarknaden for klimainvesteringar i Noreg.