Totalkvoten er likt kvoterådet frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES). Dette er ein auke på 15 prosent frå årets kvote på 197 212 tonn.

Bestanden er godt over føre-var nivå. Rådet har vore stabilt dei seinare åra.

Sei nord for 62 gradar nord er ein norsk bestand. Noreg fastset derfor totalkvoten utan forhandlingar med andre statar.