– Eg er svært glad for at Hege Nilssen har takka ja til jobben med å leie Nav. Ho kjem inn i stillinga med solid kompetanse og brei erfaring med å forvalte ein stor og kompleks etat. Nav er tryggleiksnettet vårt og speler ei heilt avgjerande rolle i det norske samfunnet, både for den enkelte og for arbeidslivet som heilskap. Bakgrunnen hennar vil kome godt med i arbeidet med å vidareutvikle Nav, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Nilssen blei i dag utnemnd av Kongen i statsråd til ny Nav-direktør på åremål for ein periode på seks år. Dato for tiltreding er ikkje avklart.

Ny Nav-direktør Hege Nilssen og arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Ny Nav-direktør Hege Nilssen og arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng. Foto: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Hege Nilssen (f. 1970) er ein erfaren leiar i offentleg sektor og er no direktør i Bufdir. Ho er utdanna samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo og har hatt ei rekkje sentrale leiarstillingar i utdanningsforvaltninga. Ho har mellom anna leia Utdanningsdirektoratet og vore sekretariatsleiar for Ludvigsen-utvalet, som vurderte kompetansebehov i skulen framover.

– Eg er takksam for tilliten og ser fram til å ta fatt på oppgåva. Nav har eit viktig samfunnsoppdrag. Vi skal bidra til at fleire får brukt ressursane sine i arbeid og samtidig sikre tryggleik for dei som treng det. Eg gler meg til å jobbe saman med dyktige medarbeidarar i heile organisasjonen for å vidareutvikle tenestene og møte behova til brukarane, seier Nilssen.

Nav forvaltar sentrale delar av velferdsstaten og har ansvar for tenester og ytingar til store delar av befolkninga. Nav skal bidra til at fleire kjem i arbeid, sikre økonomisk tryggleik for innbyggjarane og gi oppfølging til personar som treng bistand for å delta i arbeidslivet.

Regjeringa har teke fleire grep med mål om å gjere Nav endå betre for folk. Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe som skal gå gjennom om Nav fungerer som det skal, og om arbeids- og velferdsforvaltninga er godt nok rusta for framtida. Ekspertgruppa har nettopp starta opp arbeidet sitt. Regjeringa har òg sett ned ei gruppe som skal sjå på forenklingar i folketrygdlova, slik at ho blir enklare å forstå og meir digitaliseringsvennleg.

For spørsmål til Nav, kontakt kommunikasjonseininga i Nav: tlf. 400 03 144 eller presse@nav.no.