Statsbudsjettet 2026
Held fram satsinga på fagskulane: 900 nye studieplassar
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa vil løyve 68 millionar kroner til 900 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning.
Med dette har regjeringa lagt til rette for totalt 2 900 nye studieplassar ved fagskulane sidan 2021.
– Skal Noreg halde fram å vere gode på innovasjon og grøn omstilling, må fleire ta høgare yrkesfagleg utdanning. Fagskulane leverer kompetanse som næringslivet etterspør, og gjer det mogleg å kvalifisere seg til eit arbeidsliv som stadig endrar seg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Prioriterer blant anna helse og beredskap
Regjeringa vil at visse fagområde blir prioriterte i fordelinga av midlar til dei nye studieplassane. Dei prioriterte områda er tekniske fag, helse- og velferdsfag og utdanningar som støttar det grøne skiftet. I tillegg skal tilbod som gir kompetanse til forsvar og sivil beredskap prioriterast.
Vil styrke kvalitetssikring i høgare yrkesfagleg utdanning
Som del av satsinga på nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning foreslår regjeringa å løyve 15 millionar kroner til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Pengane skal gå til meir tilsyn og fleire akkrediteringar i høgare yrkesfagleg utdanning.
Om fagskular
- Aldri før har så mange elever begynt på yrkesfag. For mange av desse er fagskulen neste steg for vidareutdanning og fagleg påfyll gjennom heile yrkeslivet.
- Fagskulane tilbyr praksisnære utdanningar som er tett kopla til arbeidslivet.
- Sju av ti fagskulestudentar studerer på deltid. Fleksible utdanningsløp og varierande lengd gjer det mogleg å kombinere utdanninga med jobb og familie.