09.30 – 10.45: 150-årsjubileet for oppdaginga av leprabasillen. Statsråden held innlegg.
Adresse:
 Grieghallen, Griegs plass 1, 5015 Bergen

11.00 – 13.30: Kvinnehelsekonferansen 2023, arrangert av Bergen Sanitetsforening. Statsråden held innlegg om regjeringa si politikk for kvinnehelse, og deltar i samtale med Christine Meyer, leiar for kvinnehelseutvalet og generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS), Malin Stensønes.
Adresse: Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gate 6, 5015 Bergen

14.00 – 15.00: Besøk på Sandsli bo- og aktivitetssenter. Sandsli BOA opna i september 2020. Det var eit politisk vedtak om at dette skulle bli ein heltidsarbeidsstad, kor dei tilsette fekk tilbod om faste, fulle stillingar. Leiinga har jobba aktivt med ordning for heiltidsturnus, og alle helsefagarbeidarar og sjukepleiarar jobbar heiltid. Heiltid, faste stillingar og betre organisering er nøkkelen til å møte utfordringane vi står i, og Kjerkol ønsker å høyre meir om korleis dei har jobba for å få til dette på Sandsli BOA.
Adresse: Sandsli bo- og aktivitetssenter, 5254 Sandsli.

Pressa er velkomen til å dekke heile eller delar av besøket. Gi beskjed om deltaking til seniorrådgjevar Elisabeth Johansen.