Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre lanserer ny hjernehelsestrategi 25. juni kl 12.00–13.00
Nyheit | Dato: 23.06.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Lanseringa er digital. På webinaret deltar Alzheimer-ramma Ingebrigt Steen Jensen saman med dottera Thea Jensen.
Fleire leiande ekspertar deltar også på webinaret, mellom andre professor Anne Marie Mork Rokstad, fagsjef kognisjon og demens ved Aldring og helse; professor i nevrologi Kjell Morten Myhr ved Universitetet i Bergen; Marte Roa Syvertsen, lege i nevrologi og forskingssjef ved Drammen sjukehus, og generalsekretær Henrik Peersen i Hjernerådet.
Noreg var først i verda med ein strategi for hjernehelse. No er den oppdatert for dei neste ti åra – fordi behovet er større enn nokon gong. Hjarnesjukdommar er vår tids største helseutfordring, og éin av tre av oss vil bli ramma i løpet av livet.
SJå lenke til webinaret under:
Presse kan kontakte kommunikasjonssjef Susanne Stephansen.