Program

10.00 – 11.00: Uni-K Haugesund
Uni-K er ein inkluderande arbeidsplass som tilset personar som av ulike årsaker treng ein tilrettelagt jobb. Dei tilbyr tenester innan vaskeri, hage, hjelpemiddel, reinhald, transport, makulering, saum, mekaniske oppdrag og catering. Vestre skal besøke vaskeriet og den mekaniske verkstaden.
Adresse: Kvalamarka 20

11.30 – 12.15: Mottakssenter rus og psykisk helse Karmøy
Kommunen har samla mottakssenteret, lavterskel dagtilbud og rask psykisk helsehjelp i moderne og oppgraderte lokal.
Adresse: Statsråd Vinjesgate 25, Kopervik

12.30 – 13.00: Ekta aktivitetssenter
Kommunalt aktivitetssenter for menneske med utviklingshemming og lav restarbeidsevne. Omvising og samtale med brukarar og tilsette. Musikalsk innslag med rockebandet Gneist og Ekta-koret.
Adresse: Bleikmyrvegen 43, Veavågen

Pressa er velkomen til å delta. Journalistane som ønskjer å vere med, kan melde interesse til kommunikasjonsrådgivar Anne Kathrine Aambø.