Ventetidsløftet blei lansert i mai i fjor, med eit klart mål om ein markant reduksjon i ventetidene. Prosjektet gir resultat. Helsekøane er rekordlåge, og ventetidene er på eit historisk lågt nivå.

Sjukehusa har gjennomført ei rekke tiltak som til dømes utvida opningstider, innføring av KI og digitale løysingar, ansvars- og oppgåvedeling, fjerning av tidstjuvar, betre pasientflyt og organisering og meir samarbeid med ideelle og private. I sum har dette gitt meir effektive pasientforløp.

– Dei tilsette har verkeleg stått på for å gi heile befolkninga raskare helsehjelp. Eg er stolt av sjukehusa våre og brukar sommaren på å reise rundt og besøke dei fleste av dei for å høyre korleis dei har jobba med ventetider og kva planane framover er for at ventetidene skal bli varig låge, seier helse- og omsorgsministeren.

Pressa er velkomen til å vere med på besøka på Vestre sin sommarturné, som også vil omfatte andre besøk og tema, som til dømes regjeringas neste store prosjekt Prosjekt X.

Regjeringa meiner det er behov for ei helseform for meir heilskaplege og samanhengande helsetenester på tvers av forvaltningsnivåa, slik at folk slepp å bli kasteballar i systemet. Som eit ledd i dette arbeidet, har regjeringa og KS blitt einige om ein avtale om å løfte fram utvalde prosjekt der kommunar og sjukehus prøver ut nye måtar å organisere tenestene på. Fleire av desse har blitt lansert på turen.

Program måndag 4. august

Lillehammer og Tynset 

  • 12.30–13.30: Besøk på Lillehammer sjukehus
  • 16.30-17.30: Besøk på Tynset sjukehus

Pressekontakt: Statssekretær Bhanuja Rasiah, mobil 980 26 561 e-post: bhanuja.rasiah@hod.dep.no