Helse- og omsorgsministeren gratulerer Vinmonopolet med 100 år

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Onsdag 30. november er det på dagen 100 år sidan Vinmonopolet blei etablert som eit privat aksjeselskap under statleg kontroll. Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol gratulerer 100- års jubilanten.

– Gratulerer med 100 år som alkoholpolitisk verkemiddel, som eit tilgjengelegheitsavgrensande tiltak og som faghandelskjede, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

– Vinmonopolet er noko så sjeldan som eit populært tiltak trass målet om å avgrense tilgjengelegheita til ei vare, seier Kjerkol.

Brei politisk oppslutning

Kjerkol viser til at det er brei politisk oppslutning om vinmonopolordninga. Vinmonopolet er også godt likt blant innbyggarane ifølge undersøkingar og omdømmemålingar.

–  Balansen mellom samfunnsoppdraget om å avgrense alkoholbruk og det å vere ein serviceytande faghandel, er krevjande. Men den balansen evnar Vinmonopolet å få til, seier Kjerkol.

– Vinmonopolet har tilsette med høg fagkompetanse. Samtidig blir samfunnsoppdraget tatt hand om i kundemøta, som gjennom alderskontroll og det å vere årvaken om eventuelle alkoholpåverka kundar, seier Kjerkol.

Effektiv regulering

Alkoholbruk er ein av de viktigaste risikofaktorane for tap av friske leveår i befolkninga. Risikoen for problem og skadar aukar både med eit høgt alkoholinntak per gong og eit høgt alkoholinntak over tid.

Alkoholbruk kan også ramme tilfeldige og uskuldige, som til dømes barn.

– Det er gode grunnar til at vi bør regulere alkoholbruk. Den strenge reguleringa er av omsyn til folkehelsa og i solidaritet med dei som opplev problem, anten som følge av eige eller andre sitt alkoholbruk, seier Kjerkol.

Eit monopol som fungerar

– Det er omfattande dokumentasjon på at monopolet fungerer og er ein effektiv måte å redusere tilgjengelegheita til alkoholhaldig drikke på, seier Kjerkol.

– Sjølv om det i dei seinare åra har vore ei auke i sal av alkoholfrie produkt, er det framleis mange som drikk alkohol. Så lenge det er slik, håper eg at Vinmonopolet består og held fram med å forvalte sitt samfunnsoppdrag.