Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsministeren held fram sommerturnéen - besøker sjukehus i Agder, Vestfold, Telemark, Buskerud, Helgeland, Innlandet, Oslo, Akershus og Østfold i uke 31
Nyheit | Dato: 25.07.2025 | Sist oppdatert: 30.07.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre er imponert over arbeidet som er gjort på sjukehusa det siste året for å få ned ventetidene. I tre veker reiser han på besøk til sjukehus over heile landet for å høyre korleis dei har jobba for å få det til og korleis dei skal jobbe framover for å halde ventetidene låge. Turen har no kome til sjukehusa i Helse Sør-Aust, samt ein tur til Mo i Rana som blei utsett under turen han hadde til Nord-Noreg forrige veke.
Ventetidsløftet blei lansert i mai i fjor, med eit klart mål om ein markant reduksjon i ventetidene. Prosjektet gir resultat. Helsekøane er rekordlåge, og ventetidene er på eit historisk lågt nivå. Sjukehusa har gjennomført ei rekke tiltak som til dømes utvida opningstider, innføring av KI og digitale løysingar, ansvars- og oppgåvedeling, fjerning av tidstjuvar, betre pasientflyt og organisering og meir samarbeid med ideelle og private. I sum har dette gitt meir effektive pasientforløp.
– Dei tilsette har verkeleg stått på for å gi heile befolkninga raskare helsehjelp. Eg er stolt av sjukehusa våre og brukar sommaren på å reise rundt og besøke dei fleste av dei for å høyre korleis dei har jobba med ventetider og kva planane framover er for at ventetidene skal bli varig låge, seier helse- og omsorgsministeren.
Pressa er velkomen til å vere med på besøka på Vestre sin sommarturné, som også vil omfatte andre besøk og tema, som til dømes regjeringas neste store prosjekt Prosjekt X.
Regjeringa meiner det er behov for ei helseform for meir heilskapleg og samanhengande helsetenester på tvers av forvaltningsnivåa, slik at folk slepp å bli kasteballar i systemet. Som eit ledd i dette arbeidet, har regjeringa og KS blitt einige om ein avtale om å løfte fram utvalde prosjekt der kommunar og sjukehus prøver ut nye måtar å organisere tenestene på. Fleire av desse vil bli lansert på turen.
Program veke 31
Måndag 28. juli: Flekkefjord og Kristiansand
- 08.00–09.00: Besøk på Sørlandet sjukehus Flekkefjord
- 11.30–12.30: Besøk på Sørlandet sjukehus Kristiansand
- 12.30–13.00: Besøk på Valhalla helsesenter i Kristiansand for å høyre om arbeidet med kommunal nettlege. Adresse: Marviksveien 20.
Tysdag 29. juli: Tønsberg, Skien, Kongsberg
- 09.00–10.00: Besøk på Sjukehuset i Vestfold
- 11.30–12.30: Besøk på Sjukehuset Telemark i Skien
- 14.15–15.30: Besøk på Kongsberg sjukehus
Onsdag 30. juli: Mo i Rana
- 09.30–10.30: Besøk på Helgelandssjukehuset Mo i Rana
Torsdag 31. juli: Oslo, Akershus, Østfold
- 10.00–11.00: Besøk på Oslo universitetssjukehus Rikshospitalet
- 11.30–12.30: Besøk på Akershus universitetssjukehus
- 14.00–15.00: Besøk på Sjukehuset Østfold Kalnes
Pressekontaktar
- Kommunikasjonsrådgivar Elisabeth Johansen, mobil 99607525, e-post: elisabeth.johansen@hod.dep.no.
- Statssekretær Bhanuja Rasiah, mobil 98026561, e-post: bhanuja.rasiah@hod.dep.no
Program veke 30
Onsdag 23. juli: Harstad og Nordreisa
- 08.00–09.00: Besøk på UNN Harstad
- 15.30–17:00: Besøk på DPS Nord-Troms i Nordreisa
Torsdag 24. juli: Bodø og Lofoten
- 09.00–10.30: Besøk på Nordlandssjukehuset Bodø
- 13.45–15.00: Besøk på Nordlandssjukehuset Lofoten
Program veke 29
Måndag 14. juli: Haugesund, Bergen, Voss
- 08.00–09.00: Helse- og omsorgsministeren treff pressa i Haugesund sentrum
- 13.00–14.30: Besøk på Haukeland universitetssjukehus i Bergen
- 17.30–18.30: Besøk på Voss
Tysdag 15. juli: Sogndal, Førde, Volda
- 08.00–09.45: Besøk i Sogndal
- 11.30–12.30: Besøk på Førde sentralsjukehus
- 17.00–19.00: Opplegg med Arbeidarpartiet i Volda
Onsdag 16. juli: Volda, Ålesund, Molde
- 08.00–09.00: Besøk på Volda sjukehus
- 11.00–12.00: Besøk på Ålesund sjukehus
- 15.00–16.00: Besøk hjå Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
Torsdag 17. juli: Trondheim og Levanger
- 10.00–11.00: Besøk på St. Olavs hospital
- 12.30–13.30: Besøk på Sjukehuset Levanger