Ventetidsløftet blei lansert i mai i fjor, med eit klart mål om ein markant reduksjon i ventetidene. Prosjektet gir resultat. Helsekøane er rekordlåge, og ventetidene er på eit historisk lågt nivå.

Sjukehusa har gjennomført ei rekke tiltak som til dømes utvida opningstider, innføring av KI og digitale løysingar, ansvars- og oppgåvedeling, fjerning av tidstjuvar, betre pasientflyt og organisering og meir samarbeid med ideelle og private. I sum har dette gitt meir effektive pasientforløp.

– Dei tilsette har verkeleg stått på for å gi heile befolkninga raskare helsehjelp. Eg er stolt av sjukehusa våre og vil bruke sommaren på å reise rundt og besøke dei fleste av dei for å høyre korleis dei har jobba med ventetider og kva planane framover er for at ventetidene skal bli varig låge, seier helse- og omsorgsministeren.

Pressa er velkomen til å vere med på besøka på Vestres sommarturné, som også vil omfatte andre besøk og tema, som til dømes regjeringas neste store prosjekt Prosjekt X.

Regjeringa meiner det er behov for ei helseform for ei meir heilskapleg og samanhengande helseteneste på tvers av forvaltningsnivåa, slik at folk slepp å bli kasteballar i systemet. Som eit ledd i dette arbeidet, har regjeringa og KS blitt einige om ein avtale om å løfte fram utvalde prosjekt der kommunar og sjukehus prøver ut nye måtar å organisere tenestene på. Fleire av desse vil bli lansert på turen.

Program veke 30

Onsdag 23. juli: Harstad og Nordreisa

  • 08.00–09.00: Besøk på UNN Harstad
  • 15.30-17:00: Besøk på DPS Nord-Troms i Nordreisa

Torsdag 24. juli: Bodø og Lofoten

  • 09.00–10.30: Besøk på Nordlandssjukehuset Bodø
  • 13.45–15.00: Besøk på Nordlandssjukehuset Lofoten

Pressekontakt for turen i veke 30: Kommunikasjonssjef Susanne Moen Stephansen, mobil 480 32 792, e-post: susanne.stephansen@hod.dep.no.

Med på tur onsdag og torsdag: Politisk rådgivar Andreas Jansen, mobil 915 81 158, e-post: andreas-skretting.jansen@hod.dep.no; kommunikasjonsrådgivar Anne Kathrine Aambø, mobil 412 93 018, e-post: anne.kathrine.aambo@hod.dep.no.

Program veke 31 

Måndag 28. juli – torsdag 31. juli besøker statsråden sjukehus og anna i Agder, Vestfold, Innlandet, Akershus, Oslo og Østfold. Programmet blir publisert så snart det er klart.

Program veke 29

Måndag 14. juli: Haugesund, Bergen, Voss

  • 08.00–09.00: Helse- og omsorgsministeren møter pressa i Haugesund sentrum 1
  • 13.00–14.30: Besøk på Haukeland universitetssjukehus i Bergen
  • 17.30–18.30: Besøk på Voss

Tysdag 15. juli: Sogndal, Førde, Volda

  • 08.00–09.45: Besøk i Sogndal
  • 11.30–12.30: Besøk på Førde sentralsjukehus
  • 17.00–19.00: Opplegg med Arbeidarpartiet i Volda

Onsdag 16. juli: Volda, Ålesund, Molde

  • 08.00–09.00: Besøk på Volda sjukehus
  • 11.00–12.00: Besøk på Ålesund sjukehus
  • 15.00–16.00: Besøk på Sjukehuset Nordmøre og Romrsdal

Torsdag 17. juli: Trondheim og Levanger

  • 10.00–11.00: Besøk på St. Olavs hospital
  • 12.30–13.30: Besøk på Sjukehuset Levanger